Andreas Austlid. Foto: Ukjent Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926 på Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke. Les mer …
Sylvester Sivertson. Samtidig litografi.
Sylvester Sivertson (fødd 12. september 1809 i Skjåk, død 20. november 1847 i Drammen) var pressemann, forfattar og samfunnsdebattant. Han blir rekna som ein pioner i norsk pressehistorie. Han var den fyrste heiltidstilsette avisredaktøren i landet. Elles er han kjend som kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra, og ikkje minst i kampen mot jødeparagrafen.I artikkelen «Kvindens Dannelse» i Skilling-Magazin 1837-38 gjorde Sivertson seg til talsmann for utvida borgarrettar for kvinner. Han hadde forresten i boka si om haugianismen framheva at Hauge gjekk inn for meir likestilling mellom kjønna i det kristelege arbeidet. Les mer …
Torø Hørven spela mykje til dans, anten på torader eller fele. Ukjent fotograf.
Torø Hørven (Hyrve) (fødd i Skjåk 5. desember 1893, død 2. august 1968 same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar, leilighetsdiktar og muntrasjonsråd. Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når ho fann det på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928 .Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/ Arbeiderdemokratane, der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare, stod sentralt, saman med Ola O. Aanstad og sonen Kristen Aanstad. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener. Les mer …
Lesjavatnet var eigentleg to vatn - Siemsvatnet i nord (vest) og Lesjavatnet i sør (aust) - som låg i dalbotnen mellom Nordmo og Bottemsgardane i Lesja kommune. Skiljet gjekk ved Hattremsgardane (sjå kartskissa). I nordenden rann Gudbrandsdalslågen og elva Lora ut i vatnet, og frå sørenden rann Lågen vidare sørover Gudbrandsdalen. Det var eit rikt fiskevatn. På Lesja bygdatun er det avteikna omriss av fisk som må ha vore opp i mot 15-18 kg.
Grunnen til at vatnet var så fiskerikt var topografien. Storparten av vatnet - særleg Siemsvatnet - var nemleg særs grunt, ein meter eller mindre, medan det var nokre djuphøler og ein djupål der stor fisk samla seg og kunne fangast. Men det var òg ved Siemsvatnet at terrenget opp frå vatnet mot gardane var nokså flatt. Store område her vart derfor årleg sette under vatn i vårflaumen, til betydeleg skade for jordbruket. Les mer …
|