Vegårsheirørsla var ei religiøs vekking i Aust-Agder og Telemark i 1860-70-åra.
Over Vrådal i Vest-Telemark gjekk det i 1860 ei eigedomleg vekking. Ekteparet John og Aashild Undeberg si trufaste forbøn var spira til denne, og den gudfryktige kvinna Gunhild Veamyrane spela ei stor rolle i denne rørsla.
I Vegårshei i Aust-Agder opplevde ein like etter, i 1870-åra óg ei omfattande vekking der sjømannen Tarjei Dalane og lensmann Knut Aas var sentrale skikkelsar. Det var menn som ikkje grov sine pund ned, men bruka sine nådegåver. Ikkje bare på Vegårshei, men óg utanfor bygda for dei som frimodige apostlar med den glade bodskap. Les mer …
Iver Andreas Teisner Foto: Fyresdal. Med bilæte. Bendik Taraldlien, fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
Iver Andreas Teisner (1808 – 1870) – prost og ordførar - var fødd på Biri 2. juli 1808. Til artium fekk han haud og til embetseksamen i 1836 laud. Han var lærar i 7 år på ein privatskule i Kristiania og frå 1844 var han skrivar i kyrkjedepartementet.
I 1848 vart han prest i Fyresdal og kom hit våren 1849. Han treivst godt og gjorde mykje dugande arbeid, men kvar haust drog han til Kristiania på ferie.
På prestegarden var det mangt å ta fatt på og Teisner gjorde det med hug og dug. Jordene var tilgrodd og fuktige, han fekk kasta opp veiter og drenera, braut opp jord, rydda vekk kratt, køyrde på moldjord der det var for skarpt og køyrde på sand der det var myr. Jamna og stella. Prestegarden var snart ikkje til å kjenne att. Han var den fyrste som sådde grasfrø for å få god eng i Fyresdal. Avling og buskap steig om lag til det tridobbelte. Tidleg om morgonen var han ute og såg til arbeidsfolket og la alt til rette på beste måten. Han kunne verte sint, men det gjekk fort over. Les mer …
Folkestadbyen og jordbrukslandskapet rundt. Foto: Bjørn Østrem
Folkestadbyen kring 1930.
Folkestadbyen ligg sentralt i Fyresdal kommune. Dette er ei samling hus som ber preg av ein hageby og vart bygd opp etter år 1870 stort sett av handverkarar. Når folk i sentrale delar av Fyresdal skal burt i sentrum i ein forretning eller eit anna ærend, seier dei enno at ein skal ein tur burt i «byen». Les mer …
"Love for Selskapet Fyresdals Vel". Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)
Fyresdals Vel vart skipa allereie i 1898 og hadde som oppgåve å stimulere til diverse aktivitetar til fordel for bygda og innbyggarane. Foreininga vart nedlagd som eiga stifting i 2001.Grunnlaget for oppstartinga var ei gåve frå Anders Jørgensen Veum på kr. 2000,- og ei tilsvarande løyving på kr. 2000,- frå Fyresdal heradstyre. Fyresdal heradstyre skreiv lovene, og laget fekk namnet Fyresdals Vel.
16. desember 1898 godtok kongen lovane. Brevet er stempla med riksseglet og underskrive av regjeringa.
8. april 1899 valde Fyresdals Vel sitt fyrste styre: J. K. Kiland (formann), B. Taraldlien (nestformann), H. Qvisling, Ivar Tveiten, Torleiv Veum. Torgeir Lie blei kassastyrar. I 1902 blei Bendik Taraldlien formann og var det til 1908 med unnatak av 1905 då J. K. Kiland var formann.
Fyresdals Vel vart innmeld i Norsk Landmandsforbund og Bratsberg Landhusholdningsselskap. Fyresdals Vel var og innmeld i Bratsberg amts skogselskap og hagebrukslag. Les mer …
|