Forside:Nordmøre

Sideversjon per 16. nov. 2010 kl. 13:46 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Peder Hovdan (ukjent fotograf).

Peder Elenus Hovdan (fødd i Hemne i Sør-Trøndelag 28. mai 1874, død 9. november 1965) var lærar, målmann og kulturhistorikar. Han er mest kjend for å ha dokumentert utbreiinga av nynorsk skriftkultur på mest alle område i eit halvt hundreår fram mot 1950-åra. Han var fødd Sivertsen, men bytte i 1915 etternamn til Hovdan etter mora sitt fødenamn. Han var gift med lærerinna Jørgine Hovdan, fødd Oppebøen (1873-?), og dei fekk ein son og to døtrer.

Peder Hovdan tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1896, og arbeidde som lærar på Vålerenga, Grønland og i Gamlebyen i Oslo 1899–1940.   Les mer …

Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad var eit ferjesamband mellom Storoddan i Hemne kommune, Sunde og Hemnskjel i Snillfjord kommune og Sandstad i Hitra kommune, alle i Sør-Trøndelag. Ferjesambandet vart etablert i 1964. Ved ferdigstillinga av RV 714 vart anløpsstaden på Storoddan i 1971 flytta til Sunde, men Storoddan ferjeleie vart framleis trafikkert fram til nedlegginga i 1982.   Les mer …

Minnesteinen ved Stemshaug kyrkje er reist til minne om dei to personane frå gamle Stemshaug kommune som fall i kamp under 2. verdskrigen. Steinen vart sett opp i samband med frigjeringsjubileet i 1995, og er lokalisert i nærleiken av Stemshaug kyrkje.   Les mer …

Aure kyrkje sett frå sjøsida.
Foto: Olve Utne
(2008)
Aure kyrkje (nynorsk Aure kyrkje, bokmål Aure kirke), lokal uttale Örkjerkjå (NA) / Örkjerkjonn (D), er ein i hovudsak attoppbygd kopi av korskyrkja av tre som vart innvigd i 1727. Kyrkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmøre, er soknekyrkje for Aure sokn og var hovudkyrkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti av Møre bispedømme.   Les mer …

Stormoltå sett frå Kalvika.
Foto: Olve Utne
Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå (nominativ/akkusativ) / (Stor-)Moltånn (dativ), er ein kring 300 m lang og 100 m brei, låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet (tidlegare kalla Nautsundet), mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning. Kring 10 m over flomålet lengst nord på øya ligg det mulige restar av ei rundrøys med truleg diameter på 5–6 m og ei høgd på kring halvmeteren.   Les mer …

Røykomn på Gyl i Tingvoll kommuneNordmøre.
Ein røykomn nynorsk eller ein røykovn (bokmål) er ein open, mura eldstad utan skorstein. Røykavtrekket frå ein røykomn er same holet som ein fyrer i, og røyken går rett ut i rommet og opp ljoren. Det at rommet blir svært røykfylt under sjølve fyringa er den største ulempa med røykomnane. Når omnen først har vorte varm, så held han godt på varmen utover dagen, i motsetnad til kåpomnar og lysomnar med skorstein, der ein lyt fyre jamt for å halde på temperaturen. I skogfattige bygder og i bygder der det meste av solid treverk gjekk til handel under hollendartida var brenselseffektiviteten svært viktig. Røykomnar var tidlegare vanlege på Vestlandet og vidare nordover til Nordmøre så vel som blant skogfinnar.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar