<onlyinclude> Åmotsdalsvegen med Dyrlandsdalen bru og den gamle skulen. (2021)
Åmotsdalsvegen i Seljord kommune går vestover frå Flatdalsvegen, gjennom Dyrlandsdalen og Åmotsdal til kommunegrensa mot Vinje der han møter vegen Drivarbekkdalen. Han er 22,3 kilometer lang.
Vegen har namn etter Åmotsdal og vart offisielt namnsett i 2005. Åmotsdalsvegen er ein del av fylkesveg 3422, tidlegare fv. 503.<onlyinclude>
Dyrlandsdalen bru
Åmotsdalsvegen i Åmotsdal sentrum. (2021)
Den gamle Dyrland bru, steinkvelvsbrua frå 1921 over Åmotsdalsåi, var blitt for smal etter dagens krav og hadde behov for utbetring eller utskifting. Det vart beslutta å byggje ny bru med endra vegkurvatur sør for den gamle. 3. oktober 2018 opna den nye, 42 meter lange Dyrlandsdalen bru for trafikk. Ansvaret for den gamle steinbrua vart overført til Seljord kommune.
Galleri
Gamle Dyrland bru frå 1921. Foto: Roy Olsen (2021).
Nr. 741, «Nystad», tidl. Dyrlandsdalen skule, så grendehus til 2016. Tilbakeført til garden Landsverk. Foto: Roy Olsen (2021).
Åmotsdalsvegen 1211, Åmotsdal kyrkje. Tømra korskyrkje frå 1792 Foto: Roy Olsen (2021).
Åmotsdalsvegen 1252, «Åheim». Foto: Roy Olsen (2021).
Åmotsdalsvegen 1254, «Bui», Snarkjøp Åmotsdal. Foto: Roy Olsen (2021).
Åmotsdalsvegen 1257, «Steinstad», Pinsemenigheten Betel. Foto: Roy Olsen (2021).
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Statens vegvesen: Detaljregulering for nye Dyrland bru - Planomtale Utg.3 2016
- Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
Koordinater: 59.57025° N 8.54672° Ø Les mer …
Dyrskuplassen ved 50-års jubileet for Dyrsku'n i Seljord i 1916. Foto: Ukjend/Vest-Telemark Museum
Dyrsku'n i Seljord eller Seljordutstillinga Dyrsku'n er ei årleg landbruksmesse som blir arrangert over tre dagar den andre helga i september på Dyrskuplassen i Seljord i Telemark. Dyrsku'n vert arrangert og drifta av Dyrsku'n Arrangement AS som eigast av stiftinga Seljordutstillinga Dyrskun, der Seljord kommune og Telemark Landbruksselskap er stiftarane.Dyrsku'n hadde sine røtar i fesjåa som vart avvikla på ein rekkje stader i heile Vest-Telemark på 1850-tallet. Fesjåa hang saman med fedriftene som gjekk frå Setesdalen og austover. I Telemark var statsagronom Johan Lindeqvist som tok initiativ til fesjåa. Han hadde reist rundt i fylket for å undersøke korleis det stod til i husdyrbruket, og fann at det stod dårleg til. Han ville setje fokus på fôring, reinhald og avl. På fesjåa møtte bøndane fram for å handle og selje dyr, og dette var eit ypperleg høve til kunnskapsformidling. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under fesjåa. Les mer …
Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann. Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. Les mer …
Kartskisse som viser kvar gamlevegen i Åsebrekkene gjekk i forhold til tidlegare E-76 (noverande Rv.134).
Åsebrekkene (Åsebrekkun) er ein vegstrekning mellom Flatdalsbrua, forbi Svingen (Nutheim gjestgiveri) og vidare oppover mot avkjøringa til Svartdal og Skarsvegen - den gamle vegen til Åmotsdal. Desse bratte kleivane var ferdselsvegen mellom Flatdal og Hjartdal i gamal tid, og det var denne vegen presten Landstad skreiv om i første del av det lange diktet Aneksreisen.
Gamlevegen hadde vore i bruk i uminnelege tider. Ein finn enno restar av den. Vel hundre meter frå brua, i retning nordvest kan ein, fylgje ein gangstig på høgre side som kliv oppover bratte bakken, og ender ved bilvegen ovanfor Åsegardane. På toppen , der ein kan sjå innover Svartdal, er Vadder.
Omkring 1860 og åra frametter var det stor aktivitet i vegbygging mange stader i landet. Vegdirektørembetet blei oppretta, og vi fekk etter kvart eit fagleg senter og ein etat.
I 1861 tok arbeidet med utbetring av vegen til og i 1862 var den nye vegen opp Åsebrekkun ferdig. I Flatdal blei vegen lagt i lia i vestleg retning mot Nutheim og svinger der 180 grader austover mot gamlevegen til Åse. Les mer …
Guro Heddelid er ein sagnfigur frå middelalderen. Hun kom frå storgarden Heddelid i Grunningsdalen i Seljord. Grunningsdalen går rett over fjellet frå Seljord til Sauland, mellom Lifjell i sør og Mælefjell i nord. Det heiter seg at garden Heddeli låg innerst i Grunningsdalen, men blei tatt av ras. Ein kan sjå at det ein gong har gått eit stort ras i området, men ingen veit heilt sikkert kor garden har lege.
Guro var ei stolt, sterk og vakker kvinne som det gjekk gjetord om. Til Heddelid kom kjempekarar og friarar for å kjempe om henner gunst. Det skal ha vore mange kampar i Grunningsdalen for Guro si skuld. Det er fleire bygdeviser om Guro Heddelid. Den mest kjente er nok «Guro rid til ottesong». Les mer …
|