Christi Brandser Foto: Ukjent/Skjåk historielag.
Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf, og dessutan kjend som oppfinnar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907). Les mer …
Torkjell Naterstad (fødd den 20. januar 1898 i Kvinnherad, død 1990) var lærar, lokalpolitikar og organisasjonsmann. Han la mykje arbeid i fråhaldsrørsla og kristeleg arbeid, og ivra for målsaka.
Foreldra var gardbrukarparet Åsmund Halvardson Haugstøl (1860-1944) og Anne Oline Jensdotter fødd Seglem (1864-1946). Dei fekk i 1889 skøyte på garden Håbakka (bnr. 6 under gardsnummer 94 Naterstad), der Torkjell og syskena voks opp. Syskenflokken bestod av fem gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1892-1908.
Torkjell Naterstad gifta seg i 1931 med Andrea Torp, dotter av Johan Rasmussen og og Verdine Elisabet Andreassen Torp. Dei fekk to søner og to døtrer. Les mer …
Hans B. Osnes med familie kring 1910. Foto: Gustav Osnes
Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958) var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.» Les mer …
Tora Bræk. Foto: Gudbrand Bræk
Tora Bræk (fødd 1878 i Skjåk, død same stad 9. september 1948) var gardbrukar i Øvre Brekk på Bersustrond i Skjåk. Ho var ei av seks kvinner som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.
Foreldra var Ola O. Skjaak (1836-1921) og Gunhild Rolvsdotter Bræk (1843-1924).Tora vart den som tok over foreldregarden. Ho gifta seg i 1904 med Erik Eriksen Vange (f. 1881), og dei dreiv Øvre Brekk saman frå da av.Tora Bræk var politisk interessert, og møtte gjerne opp som tilhøyrar på kommunestyremøte. Men bortsett frå kvinnelista 1928, er det ikkje kjent at ho stilte til val eller politiske tillitsverv elles. Det er også uvisst kor vidt ho sjølv flagga noko partipolitisk standpunkt. Det kan vere relevant i denne samanhengen å nemne at faren var ein ivrig nynorskforkjempar, venstremann og ordførar i 1890-åra, og broren Gudbrand stod for liknande haldningar i si verksemd på Eidsvoll.
Les mer …
Ole Lund 1904. Fotograf L. Forbech, Kristiania. Ole Sylfestsen Lund (fødd i Skjåk 2. mai 1831, død same stad i 1912) var lærar, kyrkjesongar, lekpredikant og politikar i Skjåk. I to periodar, 1876-1877 og 1886-1889, var han ordførar. Han var oppvaksen i eit haugiansk miljø, og var nær knytta til Gisle Johnsons vekkjingsrørsle frå 1850-åra av. Lund var leiarfiguren i den kristeleg-konservative motstanden mot venstrerørsla i bygda frå 1870-åra til inn på 1900-talet. Han vart både i samtida og i ettertid ofte omtala som Kirkesanger Lund. Les mer …
Ordførarar i Skjåk kommune. Denne lista er ei oversikt over ordførarane som har leia Skjåk kommune i Innlandet fylke. Den fyrste tok til 1. januar 1866, då Skjåk vart skilt ut frå Lom kommune.
Partilister vart nytta for fyrste gong i bygda ved kommunevalet i 1916. Når det likevel er påført opplysningar om partitilknyting før dette tidspunktet, er det fordi vi ut frå andre samanhengar kan påvise klar partipolitisk farge for vedkomande ordførarar. Når det gjeld Ole Lund, er han ikkje knytta til noko spesifikt parti. Men han var ein markant leiar for den kristeleg-konservative opposisjonen mot Venstre i Skjåk, jamvel om det ikkje vart organisert noko eigentleg Høgre i bygda. Les mer …
|