Om Tinn kommune
|
Tinn kommune ligg i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Kommunen grensar i nord og aust mot Viken fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot kommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden i Vestfold og Telemark. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Det opphavlege Tinn herad frå 1838 fall saman med Tinn prestegjeld, som da bestod av sokna Hovin, Atrå, Mæl og Dal. Hovin sokn vart skilt ut frå Tinn og lagt til Gransherad i 1860. Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen i 1943, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan, deriblant Gunnar Sønsteby. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin. Kommunen forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling. Les mer ...
|
|
Smakebitar fra artiklar
|
HKH Kronprins Haakon Magnus og HKH Kronprinsesse Mette Marit avduket denne skulptur ved besøk i Nedre Eiker kommune den 21.09.2003. Det er hva en kan lese på en av de fire steinene som pryder inngangen til Killingrud Ungdomsskole. Foto: Frode Caspersen Syretårn fra Solbergelva i Nedre Eiker, Drammen, ble levert til Rjukan Salpeterfabrikker mellom 1911 og 1913. Etter at Hydro la ned produksjonen av kunstgjødsel på Rjukan på slutten av 1960-tallet, ble syretårna gjenbrukt på ulike måter både på Rjukan og andre steder i landet. Ved Killingrud ungdomsskole i Nedre Eiker pryder fire av dem inngangspartiet. Skulpturene ble avduket av kronprinsparet i 2003. Les mer …
Nils Roth Heyerdahl. Foto: Ukjent, henta frå Studenterne fra 1881. Biografiske meddelelser samlet i anledning av deres 25-aars studenterjubilæum. (1906)
Nils Roth Heyerdahl (fødd i Vadsø 31. januar 1862, død i Oslo 19. mars 1956) var teolog og verka som kapellan og sokneprest fleire stader i landet: Voss, Sandar, Tinn og Holla. Han var sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid. Frå ung alder viste han sterk interesse for landsmål og dialekter, og han gav ut ei samling norske «songar og kvæde». Som teolog og ungdomsarbeidar var han etter alt å dømme påverka av grundtvigianismen. Les mer …
Forsida til første nummer av Maana, som kom ut 11. august 1917. Foto: Nasjonalbiblioteket, Oslo
Maana var et ukeblad som ble utgitt på Rjukan, Tinn kommune. Bladet ble utgitt i to perioder, først fra 1917 til 1919, og senere fra 1921 til 1922. Redaktør og hovedbidragsyter var i begge perioder Ludvig B. Aas, som sympatiserte med den syndikalistiske retning innenfor arbeiderbevegelsen. Den syndikalistiske ideologien satte sitt preg på avisa gjennom alle år den ble utgitt, men kanskje særlig i den siste utgivelsesperioden, da ukebladet også offisielt var et organ for den syndikalistiske grupperinga på Rjukan, Rjukan lokale Samorganisasjon. Samtidig var redaktør Aas en mann med brede interesser, som i kombinasjon med en lett, satirisk og underholdende forfatterstil, gjorde at bladet fikk en levende form og stor innholdsmessig bredde. Men den syndikalistiske retningen svant tidlig hen på Rjukan, og allerede høsten 1922 ble avisa lagt ned. Aas utvandret så til Brasil våren 1923, men døde der etter kort tid, 49 år gammel. Les mer …
Nils Kvåle i lokalene Biblioteket leigde av Atrå Samfunnshus frå 1961 til 1998 Foto: Ukjend fotograf/Rjukan bibliotek 1970
I 1952 vart det inngått samarbeidavtale mellom folkeboksamlingane i Tinn. Rjukan bibliotek var det naturlege valet som hovudbibliotek, medan biblioteka i bygdene fekk status som filialar.
Dei fyrste “almue”biblioteka i Tinn vart oppretta på Mæl i 1854 og Atrå året etter. Det var presten Sigholt som ivra for dette. Les mer …
Sørensbjørka vart freda 1917. Ho skal ha ruva godt i terrenget, men kunne ikkje stå imot hardvinden ein julidag i 1942. Foto: Ukjent fotograf/Tinn kommune
Sørensbjørka var eit legendarisk høgt tre som sto i nærleiken av Dugningshaugen i Atrå, Tinn kommune, på prestegarden sin grunn. Treet vart freda ved Kongelig resolusjon 19. januar 1917, men sto støtt enno i 25 år, før det fall under hardvinden sommaren 1942. Bjørka skal på sitt største ha vore omkring 30 meter høg og vel 3 meter i omkrins. Sørensbjørka er også kjent i lokal munnleg tradisjon under namn som Prestebjørka og Rarebjørka. Så vel namnet Sørensbjørka som Prestebjørka peiker attende til treet sitt opphav. Les mer …
|
|
|
Sjå òg
|
|
|
Kategoriar for Tinn kommune
|
|
|
Andre artiklar
|
|
|
|