Forside:Tustna

(Omdirigert fra «Tustna (forside)»)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: Hustadvika • Sunndal • Tingvoll • Gjemnes • Averøy • Kristiansund • Surnadal • Smøla • Aure • Heim • Rindal
TIDLIGERE KOMMUNE: Tustna • Stemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusteren på dansk på 1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar
Bautaen av lys stein er kring 1,8 m høg.
Foto: Olve Utne
Gravrøysa med bauta på grensa mellom bnr. 1 og bnr. 240 (utskilt i seinare tid frå bnr. 4) av Leira i Aure kommune på Nordmøre ligg på eit høgdedrag rett innom Leirsundet. Røysa, som trulig ligg rett på berget, er ei ovalrøys på kring 10×5 meter med høgd på kring 0,4–0,5 m. Bautaen, som står i midtpartiet, er av lys stein og er kring 1,7 m høg. Gravrøysa har vore overgrodd av tre i fleire tiår.   Les mer …

Peder Alsvik (ukjent fotograf).
Peder Alsvik (fødd på Semundset i Aure 26. juni 1882, død 31. desember 1964) var ein arbeidarpartipolitikar og stortingsrepresentant frå Nordmøre. Foreldra var Ole Andersen Alsvik (1856–1949) og Karen Bergitte Pedersdatter Sæmundset (1860–1897). Dei var gardbrukarar. I 1890 tok dei over Olvika ved Imarsundet og budde der nokre år før dei selde garden og flytta tilbake til Semundset att. Dei hadde da teke i bruk familienamnet Alsvik. Like etter, i 1898, kjøpte dei Nerbakkan under Leira, der dei vart buande. Frå 16-årsalderen var Peder Alsvik sjømann i innan- og utanriksfart, og han arbeidde i mange år som fiskar i inn- og utland. I 1912 stod han i spissen for skipinga av Norsk fangst- og fiskerforbund i Ålesund. Peder Alsvik vart gift med Ellen Holten, og dei busette seg på Dale på Nordlandet, som da låg under Bremsnes herad. I 1916 kom Alsvik inn i kommunestyret i Bremsnes, og sat fyrst ein periode (1916-1919). Deretter sat han samanhengande frå 1925 til 1934.   Les mer …

Fårøya.
Foto: Olve Utne
Fårøya, Forrøya eller Furøya, lokal uttale ["fɔɾˌʌya] (nominativ/akkusativ), ["fɔɾˌʌ:’n] (dativ), er ei øy som ligg vest-sørvest for utløpet av Tømmervågen på Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Holmen gjev Tømmervågen noko ly for sørvest-vêret, og han har vorte bruka som beite til sauer. Tidleg på 1900-talet vart det tørka kleppfisk der, og det er framleis mange støypte sementstiar kring på Fårøya. Bryggja (sjøhuset), som låg nærme søraustenden av Fårøya, stod til nedfalls i 1970-åra. På nordsida av Fårøya ligg den litle holmen Litl-Fårøya.   Les mer …

Nordheim i mai 2007.
Foto: Olve Utne
Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] (nominativ/akkusativ) / ["nʌ:tɔ.] (dativ)), er ein matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommune på Nordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 1879–1880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla Nordheimsundet (før: Nautsundet i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der.   Les mer …

Gravminne over Ingvald Glomstad og kona Gudrun på Gullstein kyrkjegard.
Foto: Olve Utne
(2011)
Ingvald Glomstad (1898–1988) var ein småbrukar og spelemann frå Glomstad under Storsetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmøre. Ingvald Theodor Glomstad vart fødd den 2. oktober 1898 av foreldra Edvard Torstenson Glomstad, opprinneleg frå Stemshaug, og Lovise Larsdotter Inderberg. Han var gift med Gudrun Glomstad (1900–1988). Ingvald spela ein del tyskfele til dans kring på Tustna. Han døde den 13. august 1988.   Les mer …

MB «Vega» leverte ofte varer til Fr. Marit Halsnes, seinare Soleimsund Handel.
MB «Vega» var ein rutebåt som vart driven av Albert Dahle (1898-1994) frå Ytre Breivika under Leira på Tustna og som gjekk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960. Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjennom krigen og fram til han kjøpte ny båt. I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hadde drive rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet.   Les mer …
 
Kategoriar for Tustna


 
Andre artiklar