Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård». Les mer …
Norrøna Fabrikker vart etablert i 1883 og var ein smergel- og brynesteinsfabrikk som dreiv foredling av brynestein og seinare produksjon av kunststein. Fabrikken låg i Porsgrunn.
Norrøna Fabrikker før 1949. Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Grunnlaget for produksjonen ved Norrøna Fabrikker var brynestein frå Eidsborg i Tokke kommune. Brynesteinen blir rekna som den eldste eksportartikkelen i Noreg, og gjennom arkeologiske utgravingar har ein funne brynestein frå Eidsborg på alle dei seks kontinenta. Brynesteinen vart brote og kløyvd til råemne i brynesteinsbrota i Eidsborg og deretter frakta til Dalen og vidare gjennom Telemarkskanalen til Porsgrunn. Fabrikken si verksemd skapte stor aktivitet i Eidsborg. Siste last med brynestein vart frakta til Porsgrunn i 1952. Les mer …
Telens lokale på Notodden. Foto: Ukjent / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Telen er en avis som dekker kommunene Notodden, Hjartdal og Sauherad i Telemark.
Telen har mer enn 80 år lange tradisjoner på Notodden og i nabokommunene. Det var en markant avismann i redaktør Ola Storeng som etablerte avisen som kom ut med sitt første nummer 6. juni 1928 fra trykkeriet i Telegaten 3. Ola Storeng hadde allerede som 24-åring startet Teledølen i 1905 med 1200 kroner som startkapital, en avis han solgte i 1916 for så å dra tilbake til Røros og senere storgården Innbryn i Trøndelag. Han grunnla også i 1909 Rjukan Blad, senere Rjukan Dagblad. Begge disse avisene gikk inn på 1960- og 1970-tallet.
Det var dramatisk fall i tømmerprisene som skulle komme til å føre Ola Storeng tilbake til Notodden og avisdrift. Avisa Telen ble etablert i konkurranse med Teledølen som han selv hadde skapt noen år tidligere. Les mer …
Oversiktsbilete Åmdals verk gruver, omlag 1905. Foto: Ukjend.
Åmdals Verk gruver ligg i Tokke kommune og har ei historie som strekkjer seg tilbake til 1600-talet. I alt skal det ha vore utvunne over 8000 tonn kopar frå gruveanlegget. Verksemda var prega av skiftande eigarskap, vekslande stillstand og aktivitet, oppgang og nedgang. På det meste skal over 400 mann ha vore i arbeid ved kopargruvene, som var i drift frå 1691 til 1945. Samfunnet som vaks fram rundt gruvedrifta var særeigent og fargerikt. Dei fyrste funna av koparhaldig malm ved Åmdal i Tokke kommune (tidlegare Mo) i Telemark blei gjort omkring 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 Oberbergamtet i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk. Året etter blei gruvedrifta starta opp. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta vanskeleg. Les mer …
Dyrskuplassen ved 50-års jubileet for Dyrsku'n i Seljord i 1916. Foto: Ukjend/Vest-Telemark Museum
Dyrsku'n i Seljord eller Seljordutstillinga Dyrsku'n er ei årleg landbruksmesse som blir arrangert over tre dagar den andre helga i september på Dyrskuplassen i Seljord i Telemark. Dyrsku'n vert arrangert og drifta av Dyrsku'n Arrangement AS som eigast av stiftinga Seljordutstillinga Dyrskun, der Seljord kommune og Telemark Landbruksselskap er stiftarane.Dyrsku'n hadde sine røtar i fesjåa som vart avvikla på ein rekkje stader i heile Vest-Telemark på 1850-tallet. Fesjåa hang saman med fedriftene som gjekk frå Setesdalen og austover. I Telemark var statsagronom Johan Lindeqvist som tok initiativ til fesjåa. Han hadde reist rundt i fylket for å undersøke korleis det stod til i husdyrbruket, og fann at det stod dårleg til. Han ville setje fokus på fôring, reinhald og avl. På fesjåa møtte bøndane fram for å handle og selje dyr, og dette var eit ypperleg høve til kunnskapsformidling. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under fesjåa. Les mer …
|