Forside:Fyresdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. apr. 2011 kl. 21:39 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar |Distrikt = Vest-Telemark }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Vestfold • Telemark (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Fyresdal kommune
0831 Fyresdal komm.png
Fyresdal kommune er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Kommunen grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Vestfold og Telemark. Høgaste punkt er Roan, 1 192 moh. Næringsvegane i kommunen er i all hovudsak skogbruk og jordbruk, i tillegg til vasskraftproduksjon. Fyresdal har mange gravhaugar og runesteinar frå vikingtida.

Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kviteseid Bygdetun
Foto: Vidar Iversen / Wikimedia Commons
Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste musea i landet og vart etablert allereie i 1907. Bygdetunet formidlar tolv ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Blandt desse høyrer Tveitoloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. I dag er bygdetunet ein del av konsolideringa i Vest-Telemark Museum.   Les mer …

Lars Abraham og Gro Qvisling.
Foto: Ukjent
Lars Abraham Rasmusson Qvisling (fødd i Nissedal 1816 død i Fyresdal 1876) var lensmann og bonde i Fyresdal.
Lauritz Ibsen var ein bondeson frå Kvislemark nær Slagelse på Sjælland som levde i perioden 1634 – 1703. Som ung kom han til Kristiania, tok teologisk embetseksamen og vart slottsprest på Akershus festning. Då han kom til Noreg tok han tilnamnet Quislin som skulle vere ei etterlikning av Kvislemark. To søner og to døtre endra namnet til Qvislin for å gjere det meir norsk. Lars Abraham sette så på ein g i slutten. Seinare vart namnet endra til Quisling.
Eine son til Lauritz Ibsen Quislin, Abraham Larsen Quislin, var ei tid kapellan hjå presten Jakob Hansen Morland i Vinje. Han overtok kallet og gifta seg med dottera til Morland, Susanne. Son deira, Lauritz Qvislin, var ei tid kapellan i Fyresdal hjå presten Peder Bloch, og gifta seg med den eldste dottera hans, Anne Jørgine. Han blei sidan sokneprest i Tinn.   Les mer …

John og Torbjørg Lie med born
Foto: ukjent fotograf

Torbjørg Lie, fødd i Fyresdal i 1855 og død 1924 i Kviteseid. Torbjørg var frå garden Rinden, gnr. 57 i Åslandsgrend. Foreldra var Jørund Bjørguvson Breiland (1802-1876) og Gunhild Olavsdtr. Øvretveit (1814-1881). Torbjørg var den yngste i ein syskenflokk på 7.

I 1882 vart Torbjørg gift med John Pederson N. Lie (1846-1916) frå Lie nedre, gnr 88/1 i Liegrend i Fyresdal og dei vart buande på Lie. Jon var lærar, diktar og gardmann. Eldste son deira var Håkon Lie (1884-1970) som vart skogforvaltar og forfattar, busett på Lillehammer.   Les mer …

Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging.
Foto: Ukjend

Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»

I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn.   Les mer …

Vegårsheirørsla var ei religiøs vekking i Aust-Agder og Telemark i 1860-70-åra.

Over Vrådal i Vest-Telemark gjekk det i 1860 ei eigedomleg vekking. Ekteparet John og Aashild Undeberg si trufaste forbøn var spira til denne, og den gudfryktige kvinna Gunhild Veamyrane spela ei stor rolle i denne rørsla.

I Vegårshei i Aust-Agder opplevde ein like etter, i 1870-åra óg ei omfattande vekking der sjømannen Tarjei Dalane og lensmann Knut Aas var sentrale skikkelsar. Det var menn som ikkje grov sine pund ned, men bruka sine nådegåver. Ikkje bare på Vegårshei, men óg utanfor bygda for dei som frimodige apostlar med den glade bodskap.   Les mer …

Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.

Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.

På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Fyresdal kommune
 
Andre artiklar