Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] ( nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] ( dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte. Les mer …
Nybygd aurgjeldsfyring. Foto: Olve Utne (2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg. Les mer …
Låna i Innergarden på Innerberg. Foto: Olve Utne
Innerberg, òg skrive Inderberg og Berg som slektsnamn, er ein matrikkelgard på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre. Garden grensar til Sålåsundet i vest og til fjellet Innerbergsalen i aust. Mot nord grensar garden mot matrikkelgarden Stabben; og mot søraust grensar han mot Fjelnesdalen. Innerberg har to hovudbruk: Innergarden og Yttergarden. I tillegg var Halsen (offisielt namn Åsnes) husmannsplass, og frå 1892 sjølveigande bruk; og Yttervik vart utskilt som sjølveigande bruk i 1911. I matrikkelutkastet frå 1723 er det nemnt at Innerberg hadde eiga seter. Denne setra er borte, og fram mot slutten av 1800-talet leigde dei seter frå Fjelnesdalen. Innerberg høyrde med til Hals skulekrets fram til han vart nedlagt sommaren 1972 og postkontoret var 6591 Indresæter fram til det vart nedlagt i 1973. I 1975 vart det bygd veg mot Soleim, og Innerberg vart flytta over til Nordheim skulekrets og 6594 Nordheim. Les mer …
Ungdomshuset Strandtun. Foto: I. Bakk, 2012
Ungdomshuset Strandtun er eit forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset var opprinneleg soldatheim på det tyske festningsanlegget Melland fort. I mai 1946 gjorde UL Havsus og Lesund skyttarlag vedtak om at styra i dei to laga skulle gå saman og utarbeida eit framlegg for å skaffa eit forsamlingshus. Etter kvart vart det m.a. nedsett eit husstyre. Dei to laga fekk overta den tidlegare soldatheimen frå staten. Men det var vanskeleg å finna tomt til huset. Etter kvart løyste dette seg ved at Sivert Ødegård selde tomt der huset står i dag, sentralt og like ved sjøen. Demonteringa av soldatheimen starta truleg sommaren/hausten 1947. Sentralt i flyttinga av huset stod jernbaneanlegget som tyskarane hadde bygd opp kring festninga. Les mer …
Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på Leira på Tustna i 1923. Thore P. Leren ( 1855- 1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir. Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus. Les mer …
|