Jørgine Paulsdotter Fossen (1861–1940) med åtte av dei tretten ungane. Ho vart enke eit år etter at minstejenta kom til verda. Bak frå venstre: Hjalmar (f. 1903), Gunvor Marie (f. 1885), Josefine Severine (f. 1889), Mathilde (f. 1890) og Johannes (f. 1896). Foran frå venstre Charlotte Johanne (f. 1898), Jørgine med Ingeborg (f. 1905) på fanget og Kristine (f. 1900). Foto: Ukjend (1907/1908) Jørgine Paulsdotter Fossen (fødd 1. februar 1861 i Sør-Aurdal, død 16. mars 1940 i Nes i Hallingdal) var ei småbrukardotter frå Valdres som levde det meste av sitt liv som møllar- og husmannskone og enke i Nesbyen i Hallingdal. Ho hadde eit liv prega av slit og ulukker, men trass all motgang klarte ho å oppdra tretten ungar og å gje dei eit godt grunnlag i livet. Far hennar, Paul Andersson Bakken, var òg ein slitar, og det er sagt om Jørgine av dei som kjende ho, at ho var like sta, seig og sterk som han. Les mer …
Frederik Schmidt (fødd 27. mai 1771 i Asminderød på Sjælland, død 16. februar 1840 i Himmelev, også på Sjælland) var teolog, forfattar, eidsvollsmann og stortingsmann. Han var oppvaksen i Noreg, og verka mellom anna som sokneprest på Eiker i drygt tjue år før han flytta til Danmark for godt, der han var fødd og periodevis hadde opphalde seg også seinare. Han var sterkt knytta til Danmark og den danske embetsmannskulturen, høgkulturelt interessert, rasjonalistisk orientert og litterært aktiv. Alt dette let seg tidstypisk godt sameine med ein romantisk inspirert Noregs-patriotisme. Han var sterkt oppteken av allmugens kulturelle og materielle framgang, og politisk sett var han ein nasjonaldemokratisk innstilt folkets ven. Les mer …
Aagot Noss førebur utstillinga Folk og klede på Norsk Folkemuseum i 1994. Foto: Bjørg Disington/Norsk Folkemuseum (1994) Aagot Noss (fødd 9. oktober 1924 på Ål i Hallingdal, død 5. april 2015 i Oslo) var ein nestor innan folkedraktforskinga her til lands og utmerka seg også internasjonalt. I nesten førti år var ho konservator ved Norsk Folkemuseum, og i desse åra dreiv ho eit omfattande redningsarbeid for folkedraktene og tradisjonane rundt dei. Ho samla, teikna, fotograferte, filma og katalogiserte, men ho presenterte også materialet i talrike artiklar og bøker, foredrag og utstillingar. Få, om nokon, hadde breiare og djupare kunnskap om norske folkedrakter enn ho. Les mer …
Haglebustøtta er reist i området der trefningen sto. Navnene på sju falne Milorg-jegere er skrevet inn på minnesmerket. Foto: Ukjent / Nasjonalbiblioteket (1964)
Haglebuslaget var en trefning 26. april 1945 mellom norske milorgstyrker fra basen Elg og norske og tyske politisoldater tilknyttet det tyske politiet. Trefningen fant sted ved Haglebuvatna i Eggedal. Lokale hjemmestyrker deltok i et befalskurs ved Haglebu da en tysk patrulje gikk opp fra Eggedal for å lete etter våpenlagre de hadde fått tips om under en razzia. Selv om Haglebuslaget i seg selv bare var en lokal trefning, mener man at den fikk en viktig konsekvens senere. Mens mange frykta at kampene kunne føre til en hardere innsats mot Milorg, ble trefningen i stedet et nederlag for nordmennene som var i tysk tjeneste. I krigens siste fase kan dette ha bidratt til at frontkjemperne i svært liten grad motsatte seg kapitulasjonen, og at man dermed unngikk at den tyske overgivelsen ble fulgt av kamper mellom Milorg og frontkjempere. Les mer …
Ole E. Krokmogen på 80-årsdagen (Niri Vangestad).
Ole E. Krokmogen (fødd 31. juli 1871 i Flesberg i Numedal, død 1962) blei kalla Numedalsdiktaren. Han voks opp i heller små kår som den eldste av sju sysken. Ole måtte derfor tidleg lære å hjelpe seg sjøl. Om vinteren var det å vera med i skogen, og om sommaren var det gjeting. Faren, Eivind Eivindson Krokmogen, var postførar for ruta Kongsberg–Uvdal. Ole fekk såleis lett tilgang til lesestoff. Skulegongen blei det heller lite med. Dei trong han heime, og den gongen var det ikkje så farleg om ungane til fattigfolk var borte nokre dagar av og til. Alt med han sat på skulebenken tok han til å laga små vers. Da amtsskulen kom til Vangestad i 1884, vart det retteleg fart i lesinga. Lærarane der blei merksame på lesehugen til guten, og dei lånte han bøker i fleng. Han heldt fram med å laga vers. Les mer …
|