Forside:Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Forkynnaren Hans Nielsen Hauge var på vitjing i Hemne to gonger: i 1802 og 1803. Under desse opphalda dreiv han både med forkynning og praktisk arbeid. Mange av hemnværingane slutta seg til haugianismen som eit resultat av desse vitjingane. Det er opphaldet i 1802 vi veit mest om. I april månad kom Hauge gåande over fjellet frå Lensvik ned til Snillfjord. Her tok han inn på garden Snilldal. Ein preikesundag tala han med og forkynte for folket som hadde samla seg på kyrkjebakken etter at gudstenesta var over. Mange vart gripne av preika hans. Men det var òg dei som spotta, eller dei ergra seg over at ein ulærd bonde gav seg til å lære folket frå Bibelen.   Les mer …

Vinje kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2009)

Vinje kyrkje i Hemne i Heim kommune er ei åttekanta kyrkje i tømmer frå 1820.

Kyrkja har eit romansk krusifiks som kan vere frå slutten av 1100-talet. Det skal opphavleg ha stått utandørs med eit tak over, og vart attfunne under ei oppussing i 1950-åra. Altartavla frå 1712 er i nederlandsk barokkstil. Preikestol og altartavle vart flytta over frå gamlekyrkja.   Les mer …

Ungdomshuset Strandtun.
Foto: I. Bakk, 2012
Ungdomshuset Strandtun er eit forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset var opprinneleg soldatheim på det tyske festningsanlegget Melland fort. I mai 1946 gjorde UL Havsus og Lesund skyttarlag vedtak om at styra i dei to laga skulle gå saman og utarbeida eit framlegg for å skaffa eit forsamlingshus. Etter kvart vart det m.a. nedsett eit husstyre. Dei to laga fekk overta den tidlegare soldatheimen frå staten. Men det var vanskeleg å finna tomt til huset. Etter kvart løyste dette seg ved at Sivert Ødegård selde tomt der huset står i dag, sentralt og like ved sjøen. Demonteringa av soldatheimen starta truleg sommaren/hausten 1947. Sentralt i flyttinga av huset stod jernbaneanlegget som tyskarane hadde bygd opp kring festninga.   Les mer …

Hopen kyrkje sett frå sør-søraust.
Foto: Olve Utne
Hopen kyrkjeHopenSmøla er soknekyrkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen var forfalt, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet. Den noverande Hopen kyrkje vart bygd i 1892 som langkyrkje i tre og har 260 sitteplassar. Ho har vore reparert og oppussa fleire gonger, og i tillegg noko påbygd i 1966. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der.   Les mer …

Skulehuset som var i bruk frå 1951 til 2009.
Foto: R. Lie
Lesund skulekrins var ein tidlegare grunnskulekrins i Aure kommune. Krinsen vart oppretta på 1700-talet. Til å byrja med vart det dreve omgangsskule. I 1896 vart det bygd eiga skulebygning på nordsida av Lesund. Skulen frå 1896 vart reve i 1949, då det vart starta byggjing av nytt skulehus. Nyskulen vart teke i bruk i 1951. Den var bygd i to høgder, med loft. Dette bygget var i si tid omtala som ein mønsterskule i eit leksikon. Eit særpreg ved skulen er utsmykningane i tak og på dører. Dette var det kyrkjedekoratøren og malaren Daniel Skipnes (1882-1972) som stod for. I 2009 vart Lesund skule nedlagt, og elevane i krinsen vart flytta til Aure barne- og ungdomsskule.   Les mer …

Tyrhaug fyr.
Foto: «Janter»
Tyrhaug fyrstasjon er ein fyrstasjon som ligg på den kring 70 m lange og 50 m breie Ringholmen ved KyrhaugEdøyaNordmøre. Fyrstasjonen, som ligg ved Trondheimsleia, vart oppretta i 1833 som den aller første fyrstasjonen på Nordmøre. Til å begynna med inneheldt fyrstasjonen ei lafta fyrbygning på 10×10 alen som inneheldt bustad, oljelager og fyrstue. Denne bygninga hadde tårn som inneheldt sjølve fyrlykta. I 1835 vart det bygd til eit lafta uthus på 8×12 alen. I dette uthuset var det blant anna vedskott og fjøs med plass for ei ku.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar