Ingeborg Møller ca. 1930-1935. Foto: Ukjent. Ingeborg Møller (fødd 29. desember 1878 i Oslo (Kristiania), død i Oslo 18. februar 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho verka mykje til at delar av norskdomsrørsla, spesielt det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, vart influert av denne åndsretninga. Mellom anna arbeidde ho saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule.
Møller gav ut ca. 15 bøker i tidsrommet 1923-1958, av desse ei rekkje historiske romanar, biografiske framstillingar og andre sjangrar. Les mer …
Ivar Blekastad Foto: Ukjent Ivar Blekastad (fødd i Sel 4. oktober 1850, død i Gausdal 20. januar 1936) var friskolelærar, bonde og handelsmann. Han vaks opp i Sel, men budde i Gausdal frå 1875 til sin død. Han blir rekna som ein av pionerane innan den frilynde ungdomslagsrørsla, og arbeidde ivrig for målsaka og fråhaldssaka. Hjå han og i hans famile møttest på ein karakteristisk måte kulturelle og politiske straumdrag frå haugianismen, bondepolitikken, den frilynte rørsla, folkehøgskoleideologien og generell venstrenasjonalisme frå 1800- og det tidlege 1900-talet. Blekastad var fødd og oppvaksen på garden Blekastad rett ved den seinare stasjonsbyen Otta, på austsida av Lågen, i nåverande Sel kommune. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.Ivar Blekastads næraste familie og slektskrinsen oppover, nedover og til sides, kan seiast å ha danna eit mangemaska kulturelt og politisk nettverk. Det inkluderer haugiansk kulturarv, patriotisk liberalisme og bondeopposisjon tidleg på 1800-talet, grundtvigianisme, norskdom og venstrepolitikk i andre halvparten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet. Les mer …
Ivar Dahle. Foto: Ukjent.
Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som kommunist og arbeidarpartimann. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.
Han gjekk i bresjen for ei rekkje store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.
Han var ein særs omtykt og på same tid sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo. Les mer …
Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar. Les mer …
Minnesteinen Foto: Arnfinn Kjelland Gravsteinen over Georg Sinclair Foto: Arnfinn Kjelland Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann. Les mer …
|