Hanna Marie Resvoll-Holmsen ved teltet sitt i Adamsfjord, Lebesby kommune. Adamsfjordfossen til venstre. Foto: Gunnar Holmsen/NB
Hanna Resvoll-Holmsen f. Resvoll (fødd 11. september 1873 i Vågå, død 13. mars 1943 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Thekla Resvoll ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget.
Ho voks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Do ho var fem flytta familien til Kristiania. Som barn var ho alvorleg sjuk, og etter at ho fylte tolv var ho lite på skulen. Jamvel fekk ho som nittenåring teke middelskuleeksamen, og i nokre år var ho lærar i botanikk. Først i 1902 fekk ho tatt examen artium på latinlinja. Ho byrja så å studere realfag, og hadde nokre gode år på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. I 1910 tok ho hovudfag i botanikk, slik søstera hadde gjort i 1899.
Det første feltarbeidet ho gjorde var noko tidlegare, i 1907. Då var ho med på ekspedisjonen til oseanografen Albert I av Monaco til Svalbard. Ho var den einaste kvinnelege deltakaren, men ser ut til å vorte teken på alvor, for ho vart rodd i land med telt, privant og botanisérkasse – og eit gevær om det skulle kome isbjørn. Året etter drog ho åleine til Svalbard for å fotografere for bokverket om ekspedisjonen. Ho etterlet seg ein stor plantesamling frå somrane på Svalvard, og tok nokre av de første fargebileta av arktisk flora. Boka Observations botaniques kom i populærutgåva Svalbards flora i 1927, og var den første floraen for øygruppa. Les mer …
I Gravdalen i Vågå, heilt nord mot grensa til Lesja kan ein finne ei unik samling av gamle fangstanlegg for villrein.
Gravdalen er ein om lag 4 km lang dal som går frå eit skard mot Gjerdingsdalen på sørsida og til Skjervedalen på nordsida. Skardet i sør er på om lag 1500 m.o.h. og Gravdalsåe renn nordover ut i Skjerva på om lag 1140 m.o.h.. Båe grenseelvene, Gjerdingåe og Skjerva, renn i til dels bratte og uframkomelege gjel, noko som gjer at villreinen som beitar i området må krysse Gravdalen på vandringane mellom dei austlege og vestlege beiteområda. Dette har freista dei gamle fangstfolka til å bygge ei rad fangstanlegg langs dalen. Les mer …
Vågå kyrkje. Foto: Kai Hansen (2011)
Vågåkyrkja er ei korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta tårnhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for Vågå sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Vågå prestegjeld.
Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet. Les mer …
A/S Eidefoss vart stifta på Victoria hotell på Lillehammer 5. mai 1916 under namnet Eidefos Kraftanlæg Aktieselskap. Hovedaksjonær var Eystein Søberg frå Lillehammer, som teikna 40 av dei 160 aksjane i selskapet. Han hadde kjøpt fallrettane i Eidefossen i Ottavassdraget og skulle òg vere disponent. Første del av utbygginga skulle omfatte eit aggregat på 600 hk med liner til Vågåmo og Otta og skulle koste kr 240.000. Men det vart mykje dyrare på grunn av verdskrigen og den sterke prisauken, så alt i februar 1917 var overslaget kome opp i kr 650.000 og den endelege kostnaden vart 1,3 mill. kr. Da var selskapet konkurs. Men anlegget kom i stand, og alt 20. desember 1917 starta kraftleveringane. Etter ein komplisert bubehandling overtok Vågå kommune og firmaet Østlandske Stenexport buet i 1919 med ein halvpart kvar og innløysingsrett for Vågå kommune til aksjane til Østlandske. Les mer …
|