Christian Feyer i 1834. Maleriet, av ukjent kunstner, tilhører Dalane Folkemuseum.
Christian Feyer (fødd 17. februar 1792 i Vågå, død 26. september 1879 i Egersund) var jurist, embetsmann og politiker. I hele 33 år, fra 1834 til 1867, var han sorenskriver i Jæren og Dalane. Feyer var gift med Helene Othilie Falck (1792–1865). Han ble i 1830 valgt til Stortinget fra Jarlsberg og Larviks amt. Han var visesekretær i Stortinget og en måned sekretær i Odelstinget. Ellers var han sekretær i komiteen for gasjer, pensjoner, budsjett- og skattevesen. Les mer …
Ivar Kleiven (fødd i Vågå 10. juli 1854, død same stad 19. februar 1934) var bygdebokforfattar, folkeminnesamlar, folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar. Med sine bygdebøker frå Gudbrandsdalen blir han rekna som ein av dei fremste pionerane innan denne sjangeren, ofte nemnd jamsides Lorens Berg og Jacob Aaland i denne samanhengen. Mykje i likskap med desse to var Kleiven på ei og same tid politisk radikal og tradisjonsdyrkar.Kleiven var fødd og oppvaksen på ein mindre gard i Vågå, Søre Kleivi på Lalm. Faren Jakob Ivarsson (1803-1884) var yngre son på ein av dei større gardane i bygda ( Snerle). Jakob hadde gifta seg og teke til som gardbrukar på Søre Kleivi i femtiårsalderen, om lag på den tida Ivar vart fødd. Før det hadde han livnært seg på ymse vis, mellom anna som fehandlar, jeger og fiskar. Mor til Ivar, Brit Knutsdotter (1824-1916), kom frå husmannsplassen Svarvarhaugen. Jakob og Brit gifta seg ikkje før eit par års tid etter at Ivar var fødd. Les mer …
Vågå kyrkje. Foto: Kai Hansen (2011)
Vågåkyrkja er ei korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta tårnhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for Vågå sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Vågå prestegjeld.
Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet. Les mer …
Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen.
Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen ( Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen. Les mer …
|