Rosekyrkja i Stordal Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard. Les mer …
Krækkja er en betjent turisthytte 1162 moh. på Hardangervidda i Hol kommune i Hallingdal. Den ligger ved vannet Storekrækkja mellom Bergensbanen og riksvei 7, med stier og løyper til blant annet Haugastøl, Finse, Kjeldebu, Stigstuv og Tuva. I området ligger det fangstanlegg og dyregraver fra vikingtiden, og de gode jakt- og fiskemulighetene har opp gjennom årene tiltrukket både lokalbefolkning og tilreisende. Krækkja har 85 sengeplasser (2015), og det er DNT Oslo og Omegn som eier den.
Byggingen av Krækkja startet i 1877, med materialer fraktet over Ørteren med flåte. To år senere kunne den lille treroms tømmerhytta innvies, som et av få overnattingssteder i Hol spesielt innrettet mot feriegjester. Også stølen Nordre Tuva hadde fra 1878 avtale med DNT om å stille rom til disposisjon for turister. Les mer …
Stølsområde ved Ruken på Ustaoset, Hol kommune. Foto: Lars K. Ødegaard/Hol bygdearkiv Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.
Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen. Les mer …
Olav Reinton foreviga kvardagslivet i bygda. Denne vesle pjokken i velbruka brok er Ingvald Slettemoen kring 1911. Foto: Olav Reinton. Kjelde: Bilete frå Hol, 1993. Olav Reinton på orgelkrakken, kring 1910-12. Hol bygdearkiv eig biletet.
Olav Reinton (født 31. januar 1886, død 17. september 1916) var heradskasserar i Hol kommune. Han verka også som organist og fotograf.
Reinton vaks opp på klokkargarden Solvang (19/8) i Holet, Hol kommune, og var son av lærar og klokkar Sigurd Olson Reinton og Ågot, født Tolleivsdotter Skattebøl frå Ål. Han var eldst i ein syskjenflokk på tolv (to døydde rett etter fødselen), og blant syskjena var Sigurd og Lars Reinton. Reinton døydde av tuberkulose berre 30 år gamal.
Kring 1907 byrja Reinton å fotografere, og det heldt han fram med til han vart sjuk kring 1914. Reinton reiste mykje rundt og dokumenterte både kvardagsliv og høgtid i bygda. I tillegg tok han portrett og landskapsbilete og utga også prospektkort. Mange av fotografia er samla i boka Bilete fra Hol [1] Dei to siste åra han levde var det syskjena som reiste ut for å ta bilete. Det finst kring 900 glassplater etter Reinton, som Hol kommune har fått i gåve frå syskjena. Reinton førte også protokollar med notat for kvart bilete, som også er bevarte. Les mer …
Stølshusa på Osestølen, Ustaoset. Biletet er teke i samband med stikkinga av Bergensbanen. I midten kan ein skimte telta til jernbanefolka. Foto: Ukjent (1890-1900). Eigar: Hol bygdearkiv. Familien Vindegg på trappa utanfor Osestølen. Bak frå venstre: Olav, Ole O., Erling og Anne. Foran frå venstre: Mikkel, Ingebjørg, Maria og Sissel. Foto: Ukjend, 1925. Osestølen ligg i sentrum av Ustaoset, Hol kommune. Frå 1882 kom heile stølseigedomen i garden Vindegg, Kvisla, sitt eige. Det var kring stølshusa ved Ustevatnet at hyttebyen vaks fram i samband med utbygginga av Bergensbanen. Allereie i 1894 vart det som truleg var den fyrste hytta på Ustaoset sett opp ved Ustebergstølen, men hyttebygging i stor stil tok til med Ole O. Vindegg. Les mer …
|