Forside:Nordmøre

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: Hustadvika • Sunndal • Tingvoll • Gjemnes • Averøy • Kristiansund • Surnadal • Smøla • Aure • Heim • Rindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Anders Skipnes (1883-1979) var ein fiskarbonde, lokalpolitikar og lyrikar frå Skipneset i Aure kommune på Nordmøre. I 1908 vart han gift med Nella Feren frå Leksvika, og i 1909 tok han over heimgarden Skipnes. Han flytta etter kvart til Trondheim, der han døydde. Anders fekk den fyrste motorbåten sin i 1910; han vart døypt «Fiskaren». Elles dreiv Anders med blant anna sal av klippfisk. Anders Skipnes var ein aktiv lyrikar, og skreiv mange dikt og songar. Han er mellom anna forfattar av «Heimbygda Stemshaug».   Les mer …

Herlof Harstad er gravlagt på Ris kirkegård i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)
Herlof Harstad (født 13. januar 1909 i Kristiansund, død 22. desember 1968 i Oslo) var NS-redaktør før andre verdenskrig, seinere en respektert redaktør av Vi menn. Han var sønn av lagersjef Kristian Harstad og Jonetta f. Sjømæling, som begge var fra Øre. Etter eksamen artium på reallinja ved Kristiansunds offentlige skole begynte karrieren i pressen. Han var Kristiansunds-korrespondent for aviser i Oslo (Aftenposten) og Trondheim, og var så «en tid i Oslo som pressemann og ved forlag». Her redigerte han nærmere bestemt Nasjonal Samlings partiavis Nasjonal Samling fra mars 1934 til mars 1936, om enn Vidkun Quisling sto som «politisk redaktør» og liknende titler. I 1935 var Harstad også sjef for lokalavisa Oslo-Arbeideren i en periode. Da NS bytta navn på sitt hovedorgan, kom Harstad så over til Fritt Folk fra starten i 1936 og redigerte den ut året. Ved starten av 1937 gikk NS nærmest i oppløsning.   Les mer …

Magda og Christian Bøbak.
Foto: Christian Bøbak
Christian Bøbak (fødd 2. januar 1891 på Bøbakken i Bøgrende i Lesja, død 29. desember 1955 i Bergen) var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Fotohistorikaren Roger Erlandsen lister Bøbak som nr. 2 blant 8 sentrale norske portrettfotografar i det han kallar «portrettets gullalder» (tida kring første verdskrigen). Kristian Hosar har referert den mangeårige formannen i Norges Fotografforbund, H. Johnsrud: «Hans portretter, representerer i utpreget grad fotografiets absolutte virkelighet. Han viser for oss mennesket, uretusjert og i all sin opprinnelighet, uten forloren pynt.» Bøbak arbeidde lengst i Bergen.   Les mer …

Holeopninga.
Foto: Olve Utne
Jo-Andershola (uttale: /'ju:ɑɲɛs,hɔɽɔ/, dativ /-ɲ:/), òg kalla Jo Andersso-hola, er ein heller i vesthellinga av åsryggen frå Nauthatten til Bergskallen mellom Nordheim (eldre: Nautan) og Soleim på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre. Hola ligg i utmarka under Soleim, men skal ha fått namnet sitt etter ein Jo-Anders som budde i Nautan og var blant dei siste fredlause på Tustna. Han hadde fleire tilhaldsplassar og gjømmeplassar kring i utmarka på begge sidene av åsryggen, og Jo-Andershola skal ha vore ein av dei.   Les mer …

Peder Alsvik (ukjent fotograf).
Peder Alsvik (fødd på Semundset i Aure 26. juni 1882, død 31. desember 1964) var ein arbeidarpartipolitikar og stortingsrepresentant frå Nordmøre. Foreldra var Ole Andersen Alsvik (1856–1949) og Karen Bergitte Pedersdatter Sæmundset (1860–1897). Dei var gardbrukarar. I 1890 tok dei over Olvika ved Imarsundet og budde der nokre år før dei selde garden og flytta tilbake til Semundset att. Dei hadde da teke i bruk familienamnet Alsvik. Like etter, i 1898, kjøpte dei Nerbakkan under Leira, der dei vart buande. Frå 16-årsalderen var Peder Alsvik sjømann i innan- og utanriksfart, og han arbeidde i mange år som fiskar i inn- og utland. I 1912 stod han i spissen for skipinga av Norsk fangst- og fiskerforbund i Ålesund. Peder Alsvik vart gift med Ellen Holten, og dei busette seg på Dale på Nordlandet, som da låg under Bremsnes herad. I 1916 kom Alsvik inn i kommunestyret i Bremsnes, og sat fyrst ein periode (1916-1919). Deretter sat han samanhengande frå 1925 til 1934.   Les mer …

Tyrhaug fyr.
Foto: «Janter»
Tyrhaug fyrstasjon er ein fyrstasjon som ligg på den kring 70 m lange og 50 m breie Ringholmen ved Kyrhaug på Edøya på Nordmøre. Fyrstasjonen, som ligg ved Trondheimsleia, vart oppretta i 1833 som den aller første fyrstasjonen på Nordmøre. Til å begynna med inneheldt fyrstasjonen ei lafta fyrbygning på 10×10 alen som inneheldt bustad, oljelager og fyrstue. Denne bygninga hadde tårn som inneheldt sjølve fyrlykta. I 1835 vart det bygd til eit lafta uthus på 8×12 alen. I dette uthuset var det blant anna vedskott og fjøs med plass for ei ku.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar