Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:19 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Nedgangen til sjakta ved Skinnargruva.

Skinnargruva ligg i Gruvlie (sjå kart der) og var ei av jerngruvene til Lesja jernverk Ho ligg øvst av gruvene i sjølve lia (når vi ser bort frå Fjellgruvene), på høgd med Langstudulgruva og ca 400 m aust for Gruvlisetre. Namnet på denne gruva er litt uskjønleg, for dei kjende tydingane av skinnar ser ikkje ut til å ha noko med gruvedrift å gjere.

Skinnargruva består av ei 20-25 meter lang dagstrosse som går over i ei skråsjakt i austenden. Strossa er knapt 2 meter brei på det smalaste, og ca 3 meter der sjakta går ned. Sjølve sjakta er 1,3-2 meter høg, og sommars tid er det tørt ca. 10 meter innover. Nedafor er sjakta fylt av vatn.

I dagstrossa er det fleire merker etter boring. Slike merke tyder på at det har vore nytta krutspregning for å bryte ut berget. Arbeidarane laut bore hol for hand til krutladinga, og merke etter slik boring kan i visse tilfelle nyttast til datering. Borhola ein kan sjå ved Skinnargruva har skjær som er typiske for 1700-talet, men storleik tilsvarande det som var vanleg på 1800-talet. Etter som drifta ved jernverket sannsynlegvis var slutt før 1800, kan det derfor ha vore nytta ein lokal type bor med mindre diameter enn det som er kjend frå andre gruver. Det skal likevel ha vore ei prøvedrift i nokre av gruvene i 1907, og merka kan vere frå den.   Les mer …

Dei to store steinane vart køyrd opp ovafor Gamalgarden i Brøstdalen i nyare tid. Her ser vi Ola K. Brøste sit på steinane, Jenhanssteinen nedst.
Foto: Odd Sigmund Brøste ca. 1965.

Minner frå oppvekst og forteljingar frå Brøstdalen. Ola Brøste (over 80 år) fortalde megVerma i 1962:

Jerven reker langt, - og går store strekninger rett fram uten å stanse. Engang fant han og Paul Stakseng spor etter to jerver ved Kabben. Dyra hadde kommet forbi setrene der, - og på sporsnø fulgte de to etter. Spora gikk rett opover lia og over til Asbjørnsdalen, og dyra hadde ikke stanset en enste gang. Da det led ut på ettermiddagen, kunde de to ikke følge etter lenger, - og måtte snu, - men de så at spora fremdeles fortsatte innover dalen.   Les mer …

Lesja kyrkje kring 1910.

Lesja kyrkje er hovudkyrkje i Lesja prestegjeld og ligg på ein haug sentralt i bygda. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot Lesjavatnet. Kyrkje er soknekyrkja for Lesja sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Lesje prestegjeld.

Det kan ha vore ein førkristen kultstad i området her, for Prestgarden ligg like nedafor den noverande kyrkja og like nord (vest) for den gamle kyrkjestaden.

Byggmeister for den nye kyrkja var Ola Fredriksson frå Nistugu Sør-Hole i Lesja (ca 1711-1769), og ho vart dekorert av den landskjende treskjeraren Jakob Bersveinsson Klukkstad opphavleg frå Lom. Han kom til Lesja for å skjere preikestol kring 1742, og er rekna som den som skapte den nye akantusskurden i Gudbrandsdalen. Prekestolen var han ferdig med i 1745. Betalinga var 40 riksdalar. Samstundes starta bygginga av den nye kyrkja, og Jakob fekk oppdraget med å skjere altartavla. Den var han neppe ferdig med før nokre år etter kyrkja var vigsla – han fekk i alle fall ikkje betalinga, 35 dalar, før i 1766. Jakob skar også korskiljedekorasjonane i kyrkja.   Les mer …

Sjølvportrett i Lesja kyrkje
Foto: Tor Nørstegård

Ragnvald Einbu (fødd 10. januar 1870Nordi LieLesjaskogen, død 4. juli 1943 i heimen sin, Skogly under Sili på Lesja) var treskjerar og målar. Einbu er mellom anna kjent for å ha dekorert kyrkjeinteriør fleire stader i Noreg og for ei lang rad dekorasjonsoppgåver i offentlege bygg og private heimar. Han var ein yngre bror av astronomen Sigurd Einbu.

Foreldra Marit Syversdtr. og Peder Johanness. flytta til farsgarden Ni Einbu i 1875 og til Sili i 1890. I 1887 reiste Ragnvald til Trondheim og begynte i lære hos målarmeister Peter Theodor Holst Grubbe, der han var i tre år og fekk grunnleggjande opplæring i farge- og målingslære og målingsteknikkar. Nokre år seinare begynte han med treskjering, og i 1895 sendte han fleire figurar til Husflidsforeningen i Kristiania. Desse vakte åtgaum, og året etter fekk Einbu friplass ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Einbu begynte truleg å skjere ut og dekorere skap og måle bilete på oppdrag kort tid etter han fullførte skuleåret i Kristiania. Nokre år etter 1900 fekk han truleg sitt første oppdrag med å dekorere kyrkjeinteriør, i Lesja kyrkje. Etter kvart kom han i kontakt med Anders SandvigMaihaugen, og han arbeidde i alle fall med dekorasjonane i samband med restaureringa av Isumkapellet frå Sør-Fron   Les mer …

Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja, utført av Lars Hofseth i 1947.
Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940 er eit oversyn over hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Desse knapt tre vekene var relativt dramatiske i Lesja. Nokre dagar etter krigsutbrotet vart mange hundre soldatar frå Møre transportert gjennom bygda med tog og kom i kamp med tyske elitesoldatar som vart sleppt i fallskjerm to stader i bygda. Etter kvart begynte tyske fly å sleppe bomber langs riksvegen og jernbanen, meir og meir intensivt. Engelske troppestyrkar vart sendt igjennom bygda sørover mot fronten på Hedemarken og i Gudbrandsdalen. På Lesjaskogsvatnet vart ein heil flyplass rydda for engelske jagarfly, men nesten alle flya vart øydelagde. Kongen, kronprinsen og regjeringa flykta gjennom bygda mot Romsdalen og etter kvart gjorde òg tusenvis av norske og engelske soldatar det same under stadige flybombing fram til det heile stilna av kring 1. mai og dei tyske soldatane hadde full kontroll.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar