Telemark Folkehøgskule låg der Kvitsund Gymnas ligg i dag. Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Telemark Folkehøgskole vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann, seinare stortingspresident og amtmann i Bratsberg. Skulen starta opp på garden Bjørge i Seljord. Drifta vart flytt til Utsond i Kviteseid i 1914.
Viggo Ullmann sin skule i Seljord hadde eit førespel, da folkehøgskulepioneren Olaus Arvesen heldt skule for 80 elevar på Bjørge i året 1878-1879. Som medlærarar hadde Arvesen Oddmund Vik, seinare statsråd og fylkesmann, og nordlendingen P. Pedersen.[1]
I 1880 starta så Viggo Ullmann sin skule i Telemark. Skulen hadde som formål å gje bygdeungdom ei meir yrkesretta utdanning. Det fyrste året heldt han til på same staden som Arvesen hadde halde til, Bjørge i Seljord. Det var 70 elevar, 48 gutar og 28 jenter. Lærarar ved sida av Ullmann sjølv var førnemnde Oddmund Vik og Kr. Førland. Andre året var skulen i Drangedal, og vinteren 1882-83 i Vinje. Skulen fekk fast tilhaldsstad da Telemarkens Folkehøiskoles Aktieselskab kjøpte Utgarden (gnr. 45.6) i Seljord i 1885. Frå 1890 vart undervisninga halden i den nye bygningen Borgen på Utgarden. Les mer …
Faksimile frå Aftenposten 19. november 1959: annonse for Aslaug Høydal si bok Sevje.
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.
Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim. Les mer …
Kartskisse som viser kvar gamlevegen i Åsebrekkene gjekk i forhold til tidlegare E-76 (noverande Rv.134).
Åsebrekkene (Åsebrekkun) er ein vegstrekning mellom Flatdalsbrua, forbi Svingen (Nutheim gjestgiveri) og vidare oppover mot avkjøringa til Svartdal og Skarsvegen - den gamle vegen til Åmotsdal. Desse bratte kleivane var ferdselsvegen mellom Flatdal og Hjartdal i gamal tid, og det var denne vegen presten Landstad skreiv om i første del av det lange diktet Aneksreisen.
Gamlevegen hadde vore i bruk i uminnelege tider. Ein finn enno restar av den. Vel hundre meter frå brua, i retning nordvest kan ein, fylgje ein gangstig på høgre side som kliv oppover bratte bakken, og ender ved bilvegen ovanfor Åsegardane. På toppen , der ein kan sjå innover Svartdal, er Vadder.
Omkring 1860 og åra frametter var det stor aktivitet i vegbygging mange stader i landet. Vegdirektørembetet blei oppretta, og vi fekk etter kvart eit fagleg senter og ein etat.
I 1861 tok arbeidet med utbetring av vegen til og i 1862 var den nye vegen opp Åsebrekkun ferdig. I Flatdal blei vegen lagt i lia i vestleg retning mot Nutheim og svinger der 180 grader austover mot gamlevegen til Åse. Les mer …
</onlyinclude> Glima i Rupedalar er et kunstverk av Ingrid Lene Langedok, her med Mælefjell i bakgrunnen. Glima står ved garden Kvåle i Flatdal og er et av verkene kunstprosjektet Kikkeskåp i sogelandskapet i Flatdal. Foto: Siri Iversen (2012) Sagnet sier at det levde tre gygrer (trollkjerringer) i fjellene rundt Flatdal. Det var Glima som holdt til i Mælefjell, Ljose-Signe i Bindingsnuten, og Tårånn i Skorve. De voktet over bygdefolket og hadde forbindelse med hverandre ved å blåse på lur. Glima var gygra som slo seg til tåls med den nye tiden, men uten glede. Musikken hun spilte var mørk og trolsk. </onlyinclude>
Torkjell Haugerud komponerte lydarslåttene «Tårånn i Tråppin», «Glima» og «Ljose-Signe» inspirert av Sigurd Nes sitt dikt «Draum». Tema i diktet er hentet fra sagnet om gygrene.
Litteratur og lenker
|