Olav Øygard (fødd i Skjåk 15. januar 1885, død i 1960) var gardbrukar, hotelleigar og politikar i Skjåk. Han var ordførar for Arbeiderdemokratene/ Radikale Folkeparti i Skjåk i to valperiodar i mellomkrigstida. Øygard var også ein habil lyrikar med publiserte einskilddikt i ulike blad, årbøker osv. Bureisarhyllesten «Me bryt og me plantar» er med i Mads Bergs songbok for folkeskulen. Han var særs ivrig i historielags- og anna kulturarbeid. Les mer …
Torø Hørven spela mykje til dans, anten på torader eller fele. Ukjent fotograf.
Torø Hørven (Hyrve) (fødd i Skjåk 5. desember 1893, død 2. august 1968 same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar, leilighetsdiktar og muntrasjonsråd. Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når ho fann det på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928 .Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/ Arbeiderdemokratane, der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare, stod sentralt, saman med Ola O. Aanstad og sonen Kristen Aanstad. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener. Les mer …
Ola O. Skjaak i Brekk. Fotograf ukjent Ola O. Skjaak (fødd i Skjåk 29. oktober 1836, død same stad 15. september 1921) var gardbrukar, lokalpolitikar og norskdomsforkjempar. Han var ordførar i Skjåk i to periodar ( Venstre). Han var fødd på Uppigard Skjåk, men vart med ekteskapet gardbrukar i Øvre Brekk, og blir derfor ofte omtala som Ola Skjåk i Brekk. Namnet hans blir skrive i mange variantar, og det er ikkje heilt på det reine kva han sjølv føretrekte. Ein del etterkomarar nyttar etternamnet Skjaak Bræk. Les mer …
Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt). Foto: Ukjent. Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.
Les mer …
|