Øyberget der Anne og Syver budde 1806-1811. Foto: Kristian Hosar Anne Olsdotter Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 10. april 1783 i Skjåk, død same stad i 1837) var gardkone og haugianar. Mykje tyder på at ho, i lag med mannen Syver og nokre andre av dei haugianske kadrane i Skjåk, øvde sterk innverknad på bygdekulturen der i fyrste halvparten av 1800-talet. Kva meir er, etterkomarane til Anne og Syver, med sin haugianske ballast, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langt utanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret.Som det framgår av lista over borna til Anne og Syver, gifta tre av dei seg med kvar sine av ein syskenflokk frå garden (Nigard) Bu i Sel. Der var folket også haugianarar. Guro og mannen Iver Olsen Bu flytta til garden Blekastad, også i Sel. Dei vart foreldre til folkehøgskolemannen Ivar Blekastad og stortingsmannen Sigurd Blekastad (Venstre). Dette viser ein direkte familiesamanheng over tre-fire generasjonar mellom haugianismen i Gudbrandsdalen og den seinare norskdoms- og folkehøgskulerørsla i distriktet. Ein kan også trekkje inn den patriotiske liberalismen frå 1830-åra i denne samanhengen. Eldste sonen til Anne og Syver Hyrve, avisredaktøren Sylvester Sivertson, var sentral i krinsen rundt Wergeland i 1830-åra, og aktivist i den bondepolitiske framstøyten på den tida. Les mer …
Budeier på Billingen seter 1892. Embjørg Kvale (den gongen Stensgård) nr. 3 frå høgre bak (i lyse klede) Foto: Ukjent
Embjørg Kvale (fødd Stensgård i Skjåk 1870, død i Skjåk 1966) var meierist, gard- og landhandlarkone. Ho var ei føregangskvinne for meieri-/ysteridrift i heimbygda.
Allereie den sommaren ho vart konfirmert, var Embjørg budeie på Stensgårds-setra på Øverstulen på Billingen. Der fekk ho ansvaret for 11 kyr og 40 geiter, men mora måtte avløyse henne dei dagane jentungen skulle på konfirmasjonsførebuing. Som attenåring kom Embjørg i lære ved Stange meieri, der ho var i halvtanna år. Deretter var ho tilsett ved eit meieri i Enebakk på Nedre Romerike i fire år, moglegvis som styrar. Ho fekk og eit stipend som gav henne vidare utdanning i Danmark, og fleire gonger oppnådde ho premiar for produkta sine på utstillingar. Les mer …
Tore Ørjasæter som ung mann (1906) Foto: Johan von der Fehr Tore Ørjasæter (fødd i Skjåk 8. mars 1886, død på Lillehammer 29. februar 1968) var forfattar. Fyrst og fremst var han lyrikar og dramatikar, men han har også gjeve ut ein roman og to essayistiske reiseskildringar. Enda han levde størsteparten av livet sitt utanfor Skjåk, var han tett knytt til fødebygda. Heimegrenda Bråtå og oppveksten der har gjeve motiv og bilete til mykje av diktinga hans. Sentrale tema i dikt og drama er tilhøvet mellom vilje og lagnad, modernitet og tradisjon, det kreative menneskets fridom og rett til utfalding versus medmenneskeleg ansvar og nestekjærleik. Dessutan utspelar det seg ein kjønnskamp i fleire av hovudverka hans. Dei mest kjende og omtykte enkeltdikta frå Ørjasæters hand er venteleg «Malmfuru», «Elgen», og ikkje minst «Vestland, Vestland» - det siste tonesett av Sigurd Førsund og gjort til folkeeige gjennom Sissel Kyrkjebø si innspeling. Les mer …
Erik Rudser. Foto: Ukjent
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born. Les mer …
Ordførarar i Skjåk kommune. Denne lista er ei oversikt over ordførarane som har leia Skjåk kommune i Innlandet fylke. Den fyrste tok til 1. januar 1866, då Skjåk vart skilt ut frå Lom kommune.
Partilister vart nytta for fyrste gong i bygda ved kommunevalet i 1916. Når det likevel er påført opplysningar om partitilknyting før dette tidspunktet, er det fordi vi ut frå andre samanhengar kan påvise klar partipolitisk farge for vedkomande ordførarar. Når det gjeld Ole Lund, er han ikkje knytta til noko spesifikt parti. Men han var ein markant leiar for den kristeleg-konservative opposisjonen mot Venstre i Skjåk, jamvel om det ikkje vart organisert noko eigentleg Høgre i bygda. Les mer …
|