Forside:Sør-Fron kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Sør-Fron kommune
0519 Sor-Fron komm.png
Sør-Fron kommune ligg i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke. Kommunen vart oppretta i 1851, då Fron kommune vart delt i to. I 1966 vart dei to kommunane slått saman att, men i 1977 vart dei splitta opp til dagens kommunar.

Administrasjonssenteret er tettstaden Hundorp. Andre tettstader er Harpefoss og Lia. Kommunen grensar mot Nord-Fron i vest, Sel, Folldal og Stor-Elvdal i nord, Ringebu i aust, Gausdal i sør og Øystre Slidre i sørvest.

Dovrebana og E6 går gjennom kommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Tora Jåstad, Norske skolefolk 1934.

Tora Jåstad (født 17. juli 1899 i Leirfjord, død 3. november 1954 i Lillehammer) var lærer og venstrepolitiker.

Hun var datter av lærer og forfatter Lars Jåstad og Emma f. Valberg. Hun ble ansatt i Sør-Fron i 1924, først ved Liene og Tofte skole, deretter Nerbygda skole.

Hun ledet Sør-Fron lærerlag og ble i 1951 valgt inn i kommunestyret som en av de første kvinnene i Sør-Fron. Hun ledet også Sør-Fron sanitetsforening og satt i skolestyret, menighetsrådet, bibliotekstyret, skolefilmnemnda med mer. Hun var ugift. Hun døde på Lillehammer sykehus, ble bisatt fra Sør-Fron kapell og begravet i hjembygda.   Les mer …

Atna ved Straumbu i Folldal. På venstre side renner Stormyldingi inn i Atna. På høyre side ser man Atna hengebru i bakgrunnen.
Foto: Chris Nyborg
(2015)
Atna er ei elv i Innlandet fylke. Den renner gjennom kommunene Dovre og Sør-Fron i tidligere Oppland fylke og Folldal og Stor-Elvdal i tidligere Hedmark fylke. Elva renner fra Verkilsdalsvatn i Rondane, og renner ut i Glåma nær tettstedet Atna. Langs deler av strekningen er elva grense mellom Hedmark og Oppland. Atna har tilløp fra flere sideelver: Hira, Storbekken, Setninga (og gjennom denne Vulua og Snødøla), Blankgryta, Storgryta og Stormyldingi. I Stor-Elvdal renner den gjennom Atnsjøen.   Les mer …

Bauta over Olav den heilage på ein gravhaug på Hundorp, avduka under eit stemne olsokaftan 29. juli 1907. Skulestyrar Rasmus Stauri, den gongen på Vik i Kvam, leia arbeidet med å få reist minnesmerket. Monumentet over kristningskongen står på skulens grunn, og har nok hatt stor symbolverdi i folkehøgskulemiljøet.
Foto: Øyvind Holmstad
(2011)
Gudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902 til 1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år.   Les mer …

Lise Stauri.
Foto: Ukjent.
Lise Karine Stauri (fødd i Stavanger 6. januar 1882, død i Sør-Fron 14. februar 1949) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmenneske. Namnet hennar er sterkt knytta til Gudbrandsdalens folkehøgskuleHundorp i Sør-Fron. Ho dreiv fyrst saman med mannen sin, Rasmus Stauri, som var grunnleggjar og styrar av skulen. Da han gjekk bort i 1932, tok ho over som styrar og var det i mange år etter det, nesten heilt fram til ho døydde. Lise Stauri var den fyrste, og i si tid den einaste, kvinnelege folkhøgskulestyraren i landet. Ho var internasjonalt orientert, noko som gav seg konkrete utslag i verksemda ved skulen på Hundorp.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …

Logoen til Fron historielag, teikna av kunstnaren Ragnvald Frøysadal etter ein gamal kyrkjering frå Steig i Sør-Fron.
Fron historielag dekkjer kommunane Nord- og Sør-Fron, altså det gamle Fron prestegjeld. Laget vart stifta 19. august 1928, med Jon Harildstad som formann. Kristofer Fliflet i Gudbrandsdal historielag og historieskrivaren Ivar Kleiven var òg involverte i skipinga av laget. I 1930 ga historielaget ut bygdeboka Fronsbygdin, med Kleiven som forfattar.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sør-Fron kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar