Kvee og husa i Nedre Lyftingmosetre (feil filnamn). Foto: Arnfinn Kjelland (2021)
Lyftingmovigga eller Søre Vigga ligg på sørsida av dalen omtrent rett sør for Lyftingmo i Lesja. Setervegen går opp rett bortafor Lyftingmo. Det vart bygd traktorveg i 1950-åra.
Det er fire setrar her i dag. Når vi kjem opp setervegen, kjem vi fyrst til setra til Øvre Lyftingmo ovafor vegen. Vidare kjem vi til setra til Prestrudi, på nedsida, og synst ligg setrane til Nedre og Midti Lyftingmo (nedst).
Setrane er ikkje av dei eldste i Lesja. I 1668 hadde ikkje nokon av gardane her seter. Vi trur dei bygde her ein gong på 1700-talet. I 1800 hadde dei tre Lyftingmogardane i alle fall setrar her.
Når Prestrudi bygde seter, er uvisst. I seterlistene frå 1931 er ikkje denne setra nemnt. Da står berre dei 3 Lyftingmosetrane. Men i 1921 forklara Hans S. Avdem, 62 år, til Høgfjellskommisjonen at det var fire setrar her. Vi trur altså Prestrudisetre er eldre enn frå 1921, kanskje frå sist på 1800-talet.
Buskapen skulle lokkast to dagar nord og attover, tre dagar sørover og to dagar attover. Om hausten lokka dei meir nedover.
Litteratur
Koordinater: 62.09245° N 8.74208° Ø Les mer …
Dette er ei liste over hendingar i Lesja ordna kronologisk. Kjelder for prestar og ordførarar er Bygdebok for Lesja bd. 3 og Skotte / Einbu 1949 (sjå Bibliografi:Lesja kommune). Hendingar knytte til enkeltgardar er henta frå bygdeboka viss ikkje anna kjelde er gjeve opp.
Før 1500
1500- og 1600-talet
Les mer …
Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja, utført av Lars Hofseth i 1947.
Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940 er eit oversyn over hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Desse knapt tre vekene var relativt dramatiske i Lesja. Nokre dagar etter krigsutbrotet vart mange hundre soldatar frå Møre transportert gjennom bygda med tog og kom i kamp med tyske elitesoldatar som vart sleppt i fallskjerm to stader i bygda. Etter kvart begynte tyske fly å sleppe bomber langs riksvegen og jernbanen, meir og meir intensivt. Engelske troppestyrkar vart sendt igjennom bygda sørover mot fronten på Hedemarken og i Gudbrandsdalen. På Lesjaskogsvatnet vart ein heil flyplass rydda for engelske jagarfly, men nesten alle flya vart øydelagde. Kongen, kronprinsen og regjeringa flykta gjennom bygda mot Romsdalen og etter kvart gjorde òg tusenvis av norske og engelske soldatar det same under stadige flybombing fram til det heile stilna av kring 1. mai og dei tyske soldatane hadde full kontroll. Les mer …
|