Forside:Lom kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Lom kommune (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: Jevnaker • Lunner

Om Lom kommune
0514 Lom komm.png
Lom kommune er ein kommune og ei bygd i Ottadalen i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest til Skjåk, i nord til Lesja, i aust og søraust til Vågå, i sør til Vang og i sørvest til Luster. Noverande Lom kommune er hovudsoknet, Garmo sokn og Bøverdalen sokn av det gamle Lom prestegjeld, og vart etablert som Lom herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1866 vart Skjåk sokn fråskilt Lom herad og prestegjeld.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Sygard Stamstad i Lom. Store delar av sitt vaksne liv budde Tosten Olsen i Øvergrenda på husmannsplassar under Stamstad og andre gardar i nærleiken. Nordgard Stamstad, som kan skimtast i bakgrunnen, var lensmannsgard 1823-ca. 1846. Nabogarden Synstad var lensmannsgard etter det, fram til 1884, så var Sygard Stamstad og deretter igjen Synstad bustad for lensmannen fram til 1891. Tosten var godt kjend i desse gardane. Han var fleire gonger arrestant der. I bakgrunnen: Lomsegga og Fossbergom bygdesentrum.
(2011)
Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmannsson, og livnærde seg i vaksen alder som åkerbrytar, grøftegravar og med anna slags manuelt arbeid. Han fekk tidleg ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. Han vart også hugsa som ein god historieforteljar og skrønemakar. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk er Tosten udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande», under oppnamnet Musken.   Les mer …

Hans W. Brimi (fødd i Vårdalen i Lom 22. desember 1917, død 14. juni 1998) var bonde og felespelar – «ei malmfuru i den norske spelemannstradisjonen» som rektor ved Ole Bull Akademiet, Jostein Mæland introduserte han som ved eit arrangement i Sævelid.   Les mer …

Bauta til minne om St. Olav
Foto: Arnfinn Kjelland (2009)
Lars P. Thorkveen (fødd 1856 på småbruket Torekvei i Lom, død 1923 i St. James, Minnesota) var med og stifta Lom Samlag, eitt av dei aller første ungdomslaga i Gudbrandsdalen i 1870-åra, og i 1876-77 gjekk han Gudbrandsdalens Amtsskole. Bygdefolket såg at han var «meir enn vanleg evnerik»; han stod mellom anna først på kyrkjegolvet da han vart konfirmert. Som ungdom heldt han ein gravtale over ein gamal fattig granne; denne talen hugsa folk som var til stades så lenge dei levde. Thorkveen emigrerte til USA i 1880 og kom til West Prairie, Wisconsin. Der var han først lærar på ein norsk skule før han i åra 1883-1885 gjekk Luther College i Decorah, Iowa og 1885-87 Luther Seminary i Afton, Minnesota. Thorkveen var mellom dei som i 1909 stifta Gudbrandsdalslaget, og han var president i laget frå stiftingsåret til han døydde. I den funksjonen redigerte han årboka for laget og tok ei rekkje initiativ til å halde oppe kontakten med heimlandet: markeringa av 300-årsjubileet for trefninga i Kringen i 1612, grunnlovsjubileet i 1914 og særleg markeringa av 900-årsjubileet for kristninga av dalen ved helgenkongen, Olav Haraldsson, i 1921 da dei gav ein bauta som vart oppsett ved Lom stavkyrkje.   Les mer …

Live Moen ca. 1910. Fotograf ukjent.
Live Moen (fødd i Lom 13. oktober 1879, død i Skjåk 1968) var arbeidar og småbrukar. Før ho gifta seg, brukte ho etternamnet Grindstuen etter ein plass under Lyngve i Vårdalen (Garmo sokn), der familien budde ei tid medan Live var barn. Ho flytta til Skjåk da ho gifta seg, og vart buande der livet ut. Live Moen var ei av seks kvinner som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.   Les mer …

Lomsk såmaskin
Foto: Arnfinn Kjelland
Den såkalla lomske såmaskina var ei radsåmaskin for korn som etter kvart erstatta såing av åkrane for hand i Nord-Gudbrandsdalen og i andre fjellbygder på Aust- og Vestlandet. Den sette såkornet like djupt i jorda, og det gjekk ikkje med meir enn knapt det halve i høve handsåinga. Maskina vart forbetra i fleire omgangar og var i bruk til ut på 1900-talet. Sokneprest Niels Petersen i Lom skal etter Ivar Kleiven ha vore den som fekk ei slik maskin til bygda i 1780-åra. Rolv K. Øygard meiner Vass-Per fann opp maskina kring 1806. Men stykket hans i Årbok for Gudbrandsdalen inneheld i alle fall ein faktisk feil; han påstår at den første maskina Per laga kom til Sygard Geilo og at presten Petersen fekk sjå ho der og kjøpte ho. Det må da ha vore etter 1806, men Petersen reiste frå Lom alt i 1797.   Les mer …

Kart over Kollagrendi
Kollagrendi er ei lita grend i Lom. Ho ligg på sørsida av Otta rett aust (sør etter retningane som er brukt i bygda). Området er ein del av det som opphavleg er kalla Meadalsmorki, eit område i Meadalen som var felleseige mellom Graffer i Vårdalen og Blakar, Stamstad, Kjæstad, Rostad, Kvåle og Frøyse på Søre Strondi. Grafferskollen er den eldste plassen i dette området, busett før 1664. Nokre tiår seinare vart det og rydda eit Kolla-bruk som plass under Kjæstad. Så truleg i 1740-åra, om lag samstundes, vart dei to Råsbakken-plassane tekne opp. Søre var plass under Graffer heilt til 1971, og Nørdre under Kjæstad til 1923.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lom kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar