Futen sin utgiftspost for avrettinga av Marit Trulsdotter. Transkribert: «Giffuet skarpretrenn aff Osloe for enn quinde nemblig Martte Throlsdatter, at Rete med Ild Och brand for throldomssag Hun er Offuergangenn Pening v dr [Marg:]Dom att inttet var effter hinder» Foto: Akershus lensrekneskap 1621-1622.
Marit Trulsdotter (død 1621 eller 1622) var ei kvinne i Skjåk som vart dømd og brend på bålet for trolldom. Rettsprosessen gjekk føre seg våren og sommaren 1621. Avrettinga, utført av skarprettaren i Oslo, er ikkje datert, men er med i utgiftsrekneskapen til futen i Gudbrandsdalen for året 1. mai 1621 til 1. mai 1622. Vedlagt rekneskapen er ei utskrift av rettssaka mot Marit, der vi får vite ein del om kven Marit var, og nokså detaljert om dei hendingane og gjerningane som førde til at ho vart dømd. Les mer …
Chr. A. Hjelter. Foto: Fotograf ukjent.
Christian Amundsen Hjelter (fødd i Skjåk 28. mars 1850, død same stad 1926) var gardbrukar, hotelleigar og politikar i Skjåk. Han var ordførar i bygda i to periodar, 1882-1883 og 1892-1893. Han var radikal venstremann i 1870- og 1880-åra, sidan moderat og etter kvart konservativ i politisk standpunkt. Han bygde opp Pollfoss som skysstasjon og hotell, og var særs aktiv i det offentlege livet i kommunen heilt til det siste. Les mer …
Bruheim med portrett av seg sjølv, måla av Knut Ljøsne da Bruheim var lærar i Skogbygda i Vågå 1957-1958. Fotografiet er teke i 1987 i heimen til Bruheim i Lundagrenda i Skjåk.
Jan-Magnus Bruheim (fødd i Skjåk 15. februar 1914, død same stad 10. august 1988) var forfattar, fyrst og fremst lyrikar, men også med innslag av prosa i sin litterære produksjon. Han gav ut 20 diktsamlingar, og er også kjend for ei rekkje barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers. Bruheim var ein populær opplesar, i Kringkastinga ( Ønskediktet), i skular og foreiningar mange stader i landet. Bruheim verka også som folkeskulelærar i ein periode. Han var samfunnsengasjert, i ungdomen med sterke antisosialistiske og antinazistiske haldningar, etter krigen mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa. Men engasjementet gjorde seg sjeldan eller aldri gjeldande som agitasjon eller tendens i lyrikken hans. Les mer …
Pollfoss hotell i september 2012. Fjelltoppen Framrusthovden i bakgrunnen. Foto: Kristian Hosar
Pollfoss hotell og gjestehus ligg i Skjåk kommune, i Billingsdalen ved riksveg 15. Hotellet vart bygt i 1897 rett ved den spektakulære Pollfossen i Ottaelva, i skogterreng ved starten av fjellovergangen til Stryn (Nordfjord) og Geiranger (Sunnmøre). Før hotellet kom, var det skysstasjon der i nokre år.
Marknadsgrunnlaget har gjennomgåande vore turisttrafikken. Behovet og moglegheitene for hotelldrift kom med køyrevegane over fjellet på slutten av 1800-talet, Grotli-Geiranger (opna 1889) og Grotli-Stryn (1894). Særleg i dei fyrste tiåra var hotellet også søkt av helserekonvalesentar. Det tørre klimaet i Skjåk er godt for folk med luftvegsplager, og dessutan meinte ein at det skulle vere helsebot i det høge ozoninnhaldet i lufta ved Pollfoss. Les mer …
Th. Eggum dreiv pelsdyravl medan han var lærar i Skjåk. Her matar han sølvrev. Fotograf ukjent. Thorstein Eggum (fødd 18. mai 1901 i Sogndal, død 14. mars 1994 i Lier) var lærar, skulestyrar og lokalpolitikar. Lærarkarrieren delte seg nokså likt på Skjåk i Gudbrandsdalen og Lier ved Drammen. Han var varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk kommune. Eggum tok lærareksamen på Stord i 1922. Fyrste lærarstillinga var i Davanger, Askøy 1922-1923. Frå hausten 1923 kom han til Skjåk som folkeskulelærar i Holmork skulekrins. Der budde familien i lærarbustaden på Holmorkhaugen til 1945, da Eggum søkte og fekk lærastilling ved Øverskogen i Lier. Frå 1950 var han i Egge krins og skule i same kommunen, der han vart skulestyrar. Les mer …
Prest, klokkar og bondemann under ei gravferd ved Skjåk kyrkje i 1920-åra. Sokneprest Harald Bakke og lærar og kyrkjesongar Kolbein Skaare var framståande talsmenn for kvar si side i språkstriden, som dei var det politisk. Presten var bondepartimann, klokkaren Venstre/Radikale folkeparti. Bygdekaren i midten veit visst ikkje riktig kven han skal halde med. Foto: Kristian Stakston Språkskiftet til nynorsk i Skjåk gjekk føre seg i to etappar. Den fyrste var innføring av landsmål som skulemål i fire av sju krinsar i 1908. Andre etappen førte til språkskifte også i dei andre skulekrinsane, i kommuneadministrasjonen og i kyrkja i løpet av tidsrommet 1925-1933. Hardaste striden stod under den andre etappen. Det toppa seg med skuleavrøystingane i Marlo, Holmork og Nordberg i 1925. Da ytra kampen seg så vel ved utfall mot landsmåltilhengarar frå preikestolen som med engasjement frå sentralleiinga i Norges kommunistiske parti. Det kan stillast spørsmål om ikkje nynorskvedtaka skjedde i strid med folkeviljen på det tidspunktet. Etter vedtak om nynorsk liturgi i 1932-1933 ebba striden etter kvart ut. Etter den tid har Skjåk vore nynorskkommune all sin dag. Les mer …
|