Utsikt frå Heggjabottsetra i Billingsdalen i Skjåkålmenninga. Det viser mange sider ved ressursar og verksemd i ålmenninga: seterbruk, høgfjell, produktiv furuskog. I dalbotnen lengst borte kan skimtast tre småbruk i Brumillomsgrenda. I dalbotnen nærast: Heggjabottvatnet, som er ei utviding av Otta-elva. Vatnet vart oppdemt som del av kraftutbygginga i Øvre Otta 2002-2005. Foto: Hans P. Hosar. Skjåk Almennings historie kan delast inn i fem hovudbolkar:
1. Tida fram til 1726, da kongen selde eigedomen til private. Før 1726 kan ein definere Skjåk-ålmenninga som statsålmenning.
2. Perioden 1726-1798, da eigedomen var privatålmenning ått av enkeltpersonar som dreiv ålmenninga med kommersielt føremål.
3. Tida 1798-1930. Skjåk Almenning vart bygdeålmenning da gardbrukarane i fellesskap kjøpte eigedomen i 1798. Fram til 1930 var lite og ingenting av salshogsten foredla innanbygds. Avhending ut over det som gjekk til bruksretten, galdt mest rundtømmer.
4. Tida 1930-1995. I 1930 sette ålmenninga i gang eit større foredlingsanlegg ved Bismo, med sagbruk og høvleri. Frå da av har foredlinga av tømmeret i all hovudsak foregått der.
5. Året 1995 kan brukast som periodeskilje fordi bruksretts- og eigarinteressene det året kom fram til ei ordning som båe partar har funne seg til rette med. Elles har det både før og etter 1995 gradvis skjedd ei vektforskyving i verksemda frå tømmer og trelast til andre type utmarksnæringar.
Les mer …
«Hov engeland» (Dagsgardsøygards- og Åbusgardane) i Skjåk, fotografert frå Plasskvea (frå nord mot søraust) i november 2010. Nordberg kyrkje litt til høgre for midten av biletet. Foto: H.P.Hosar
Dagsgardsøygarden (gnr. 93) er ein matrikkelgard i Skjåk, i grenda Øygardane i Nordberg sokn. I matrikkelen heiter garden Hov engeland. Det namnet dukkar opp i kjeldene på 1600-talet, og kan vere ein indikasjon på at staden har ei busetjingshistorie som går attende til førkristen tid. «Dagsgardsøygarden» er eit mykje nyare namn, truleg teke i bruk rundt 1800. Det namnet vitnar likevel om tilhøve som går attende til øydetida etter Svartedauden 1350. Det var øydegarden som vart nytta av Dagsgard.
I aust grensar matrikkelgarden mot Hovkvea, som er skilt ut frå Uppigard Skjåk, og mot ein skogteig som framleis tilhøyrer den garden på Skjåkstronda. I vest går grensa mot gnr. 94 Nyhus (Plassen i lokal daglegtale) og gnr 95 Stubbesletten (Søre Bysjet) og mot Skjåk Almenning eller bruk som er skilde ut frå ålmenninga. I sør grensar Dagsgardsøygarden mot snaufjellet og i nord mot storelva Otta. Les mer …
Dagsgard er ein matrikkelgard i Skjåk kommune ( gardsnummer 19). Matrikkelgarden består av to bruk, bruksnummer 1 Nigard Dagsgard og bruksnummer 2 Uppigard Dagsgard. Dagsgard ligg på Skjåkstrond, rett i nærleiken av Skjåk kyrkje. I skriftlege kjelder er garden nemnd så tidleg som i 1343, da Håkon i Dagsgard er med i ein delegasjon frå bygda til biskopen på Hamar (sjå Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500)). Garden er nok monaleg eldre enn 1300-talet, men historia går neppe lenger attende enn år 1000. Gardsnamn med endinga -gard var mykje brukt i tidleg- og høgmellomalderen (1000-1350). Stabbur frå Uppigard Dagsgard i Skjåk. Det er ein bygning frå 1700-talet, nå på Maihaugen
Det er uvisst når Dagsgard vart delt i to bruk. I lensrekneskapa frå 1560 figurerer to mann med etternamnet Dagsgard (Tor og Halvor) som betaler holding, og som vi derfor må rekne med er husbondar på kvar sine bruk. Ein generasjon tidlegare er berre ein mann frå Dagsgard oppført i skattelista for gjengjerden 1528, nemleg Tosten. Iallfall frå midten av 1600-talet er det openbert at Dagsgard utgjer to gardsbruk. I landkommisjonens jordebok 1661 og i matrikkelen 1668 er Arne og Guttorm brukarar på Dagsgard. Men garden er oppførd som ei matrikkeleining med felles landskyld, skattar og avgifter. Iallfall frå og med matrikkelutkastet 1723 kan vi derimot følgje historia til dei to særskilt skyldsette gardsbruka kvar for seg. Les mer …
Marlo skule i Skjåk under oppføring. Her heldt realskulen til frå 1935 til 1940. (1924)
Lom og Skjåk realskule var i verksemd frå 1935 til 1968. Skulen vart starta på privat basis (Skjåk private millomskule), men vart seinare kommunal, i samarbeid mellom dei to kommunane som skulen fekk namn etter. Den tredje Ottadals-kommunen, Vågå, har også delvis vore med i samarbeidet. Dei fyrste fem åra hadde skulen tilhald i Marlo skulehus i Skjåk, frå 1940 på Loar skule i Lom. Siste kullet på Lom og Skjåk realskule vart uteksaminert i 1968, etter at både Lom og Skjåk hadde innført niårig ungdomsskule frå hausten 1966. (Vågå hadde ungdomsskule på forsøksbasis alt frå 1960.) Les mer …
Ordførarar i Skjåk kommune. Denne lista er ei oversikt over ordførarane som har leia Skjåk kommune i Innlandet fylke. Den fyrste tok til 1. januar 1866, då Skjåk vart skilt ut frå Lom kommune.
Partilister vart nytta for fyrste gong i bygda ved kommunevalet i 1916. Når det likevel er påført opplysningar om partitilknyting før dette tidspunktet, er det fordi vi ut frå andre samanhengar kan påvise klar partipolitisk farge for vedkomande ordførarar. Når det gjeld Ole Lund, er han ikkje knytta til noko spesifikt parti. Men han var ein markant leiar for den kristeleg-konservative opposisjonen mot Venstre i Skjåk, jamvel om det ikkje vart organisert noko eigentleg Høgre i bygda. Les mer …
|