Forside:Smøla kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. okt. 2010 kl. 19:57 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Smøla kommune
1573 Smola komm.png
Smøla er ei øy og ein kommune på Nordmøre og den aller nordlegaste kommunen i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Hitra i Trøndelag fylke over Ramsøyfjorden i aust og til Aure kommune over Edøyfjorden i sør. I vest, vestom Griphølen, ligg fiskeværet Grip i Kristiansund kommune, og sjølve Kristiansund ligg på andre sida av Talgsjøen i sørvest. Personar frå Smøla blir kalla smølværingar eller smølaværingar. Kommunen består av ei stor øy (Smøla, stundom kalla Fastsmøla), nokre mellomstore øyar (Jøa, Rossvolløya, Kuli og Edøya) og over 5000 mindre øyar, holmar og skjer, noko som gjer at kommunen har heile ⅓ av den totale kystlina i fylket.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Dei ulike araboltane i lik målestokk.
Arabolt, i formene Arabolten (sg.) og Araboltan (pl.) er stadnamn som blir bruka om skjer, småe holmar eller skjergrupper. Namnet er registrert to plassar i Smøla kommune og éin plass i Aure kommune, begge på Ytre Nordmøre. Arabolten sørvest om Smøla ligg i overgangen mellom Blåsværsvaet og dei ureine farvatna Rotværet/Rotværdraget og Sandskjæra. Han er ein langsmal holme med ei NO/SV-lengd på opp mot 200 m og breidd på kring 60 m. Nærme den butte nordaust-enden er det ein rundvoren haug på 13 m, og sørvest-enden går ut i ein spiss. Nørdre og Søre Arabolten i Breisvaet markerer, saman med Trettholmen, grensa mellom det trygge svaet i aust og dei ureine farvatna kring Langlåtan og Kråkværet i sør og sørvest. Nørdre Arabolten er ein rundvoren holme med ein diameter på kring 30–40 m. Søre Arabolten er flatvoren og avlang med rett nordside og runda sørside; han har ei aust-vest-lengd på i overkant av 100 m og ei nord-sør-breidd på i underkant av 50 m. Araboltan ved Golma, òg registrert med namneformene Hareboltane og Havboltane, avgrensar det ureine farvatnet mellom leia sørom Langholmen i nord og leia sørom Møyslåtten mot Linvågen i sør. Araboltan består av relativt mange skjer med variabel form.   Les mer …

Finvêr på Edøyfjorden. Vi ser sjølve Edøy-garden og Edøykyrkja i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne
Edøyfjorden er den yttaste delen av Trondheimsleia og ligg mellom Solværet, Kuli og Edøya utom leia og Tustna, Solskjel, Ertvågsøya og Grisvågøya innom leia. Edøyfjorden utgjer den «sørlege» (eigentleg vestlege) inngangen til den hovudsakleg innaskjers Trondheimsleia frå Griphølen og Talgsjøen. Vidare «nordover» (eigentleg austover) dannar den inste delen av Ramsøyfjorden mellom Smøla og Hitra overgangen til den delen av leia som berre blir kalla Trondheimsleia. Edøyfjorden har vore strategisk viktig i alle fall frå vikingtida av. Vi kan som eksempel nemne slaga ved Solskjel kring 900; slaget ved Solskjel i 1206; Edøya som lenssete på 1300-talet; trefninga i Hammarsunda 9. april 1537; dei tyske forsvarsstillingane frå andre verdskrigen ved Edøy gamle kyrkje; og Shetland-Larsen si minelegging av Edøyfjorden med MK «Nordsjøen» i 1941.   Les mer …

Hopen kyrkje sett frå sør-søraust.
Foto: Olve Utne
Hopen kyrkjeHopenSmøla er soknekyrkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen var forfalt, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet. Den noverande Hopen kyrkje vart bygd i 1892 som langkyrkje i tre og har 260 sitteplassar. Ho har vore reparert og oppussa fleire gonger, og i tillegg noko påbygd i 1966. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der.   Les mer …

Motiv frå Remmingen.
Foto: Laila Skaret
(2009)

Remmingen er ei samling øyer i Smøla kommuneNordmøre. Dei er lokaliserte nordaust for Glasøya, på innsida av Smøla. Øyene høyrer inn under garden Hellesfjord. På den største av desse øyene har det vore busetjing heilt fram til i dag. Peder Kristensen Kattholm og kona hans, Mildri Steffensdotter Oterholmen, var dei fyrste som busette seg på Remmingen. Dei kom til staden som husmannsfolk omkring 1850. Familien livnæra seg av fiske.

I 1947 vart Remmingen seld frå Ingvald Åsheim til Harald Kulø for kr. 6.000. Kulø var ikkje busett her, men bruka staden til laksefiske og beite for sauer.   Les mer …

Kulisteinen.
Foto: Dagfrid Boot
Kulisteinen er en 1,9 meter høy, slank og firesidet runestein, med et innhugd kors på den ene bredsiden og runeinnskrift i to loddrette linjer på den ene smalsiden. Toppen av steinen mangler. Steinmaterialet er gneis. Kulisteinen blir kalt Norges dåpsattest, fordi det er første gang man vet om at navnet "Norge" er brukt på norsk jord. Steinen er også en av de første kjente kildene som vitner om og gir en datering av innføringen av kristendommen til Norge. Selve steinen ble i 1913 flyttet til vitenskapsmuseet i Trondheim, men det ble i 1989 reist en kopi på Kuli i Smøla kommune, Møre og Romsdal der man antar at originalen sto.   Les mer …

Kyrkja sett frå nordaust.
Foto: Olve Utne
Edøy gamle kyrkje, tradisjonelt kalla Edøykjerkjå (dativ Edøykjerkjonn) på folkemunne, er ei steinkyrkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune på Nordmøre. Eit skriv frå 1695 nemner at kyrkja vart lengd med sju alen. Kyrkja vart nedlagt i 1885, og ho brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887. Frå 1947 vart kyrkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart atterinnvigd den 4. juni 1950. Kunsten i kyrkja inkluderer eit krusifiks av Oscar Lynum og treskurden «Det brukne kors» av Daniel Hagerup. I samband med 900-årsjubiléet i 1990 vart kyrkja nyoppussa og det vart sett inn nytt orgel bygd av Mike Zuber der i 1991.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Smøla kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar