Anders Andersson Todal (fødd 12. november 1884 i Aure, død 5. mars 1963 i Trondheim) var skolemann, underoffiser, arkivmann og lokalhistorikar, statsarkivar i Trondheim 1934-1954. Han var ein markant representant for den sterke Venstre-tradisjonen innan norsk lokalhistorie og kulturarbeid generelt. Frå Todalen, grenda der Anders Todal hadde oppveksten sin. Han var fødd og oppvaksen i Todalen i Aure kommune på Nordmøre. Foreldra var gardbrukarparet Anders Jakobsson og Karen Andersdotter Todal. Anders Andersson var den yngste av fire sysken. Han gifta seg i 1915 med Anna Sofie Hove (1886–1970) frå Åsen. Dei fekk to døtrer, Karen og Ingebjørg.
Barndomsheimen til Anders var bruket Kjerra av den mangbølte garden Todal i Indre Aure. Garden med sine mange heimar var nærmast å rekne som ein tettstad i bygda. Det budde over 120 menneske der i 1900. På heimstaden var Anders Todal omgjeven av eit miljø sterkt prega av norskdomsidealisme, fråhaldssak, skyttarvesen og Venstre-politikk generelt, og han slutta sjølv til fulle opp om denne rørsla alt frå ungdommen av og livet ut. Les mer …
Dei ulike araboltane i lik målestokk.
Arabolt, i formene Arabolten ( sg.) og Araboltan ( pl.) er stadnamn som blir bruka om skjer, småe holmar eller skjergrupper. Namnet er registrert to plassar i Smøla kommune og éin plass i Aure kommune, begge på Ytre Nordmøre. Arabolten sørvest om Smøla ligg i overgangen mellom Blåsværsvaet og dei ureine farvatna Rotværet/ Rotværdraget og Sandskjæra. Han er ein langsmal holme med ei NO/SV-lengd på opp mot 200 m og breidd på kring 60 m. Nærme den butte nordaust-enden er det ein rundvoren haug på 13 m, og sørvest-enden går ut i ein spiss. Nørdre og Søre Arabolten i Breisvaet markerer, saman med Trettholmen, grensa mellom det trygge svaet i aust og dei ureine farvatna kring Langlåtan og Kråkværet i sør og sørvest. Nørdre Arabolten er ein rundvoren holme med ein diameter på kring 30–40 m. Søre Arabolten er flatvoren og avlang med rett nordside og runda sørside; han har ei aust-vest-lengd på i overkant av 100 m og ei nord-sør-breidd på i underkant av 50 m. Araboltan ved Golma, òg registrert med namneformene Hareboltane og Havboltane, avgrensar det ureine farvatnet mellom leia sørom Langholmen i nord og leia sørom Møyslåtten mot Linvågen i sør. Araboltan består av relativt mange skjer med variabel form. Les mer …
Hans Romundset ( 1904- 1992) var ein skreddar og spelemann frå garden Romundset («Hansgarden») på Skarsøya i Aure kommune på Nordmøre. Han var son av gardbrukar Hans Knutsen Romundset (f. 1873) og Elen Olsdatter (f. 1876)Hans byrja med felespel då han var i 10-14 års alderen. Ein viktig læremeister i denne tida var den eldre broren, Ola. Men for det meste var Hans sjølvlærd i felespeling. Hans og Ola spela mykje i lag, både privat og offentleg. Ofte var også systra Oline med på gitar. Hans fekk si eiga fele då han var 14-15 år gamal. Denne fela brukte han omtrent heile livet igjennom. Hans var særs aktiv som spelemann i 1930-åra og fram til han gifta seg med Ingrid Johansen frå Vesterålen i 1943. Då Hans var 23-24 år byrja han som skreddarlærling hjå Halvard Husby i Foldfjorden. Les mer …
Ungdomshuset Strandtun. Foto: I. Bakk, 2012
Ungdomshuset Strandtun er eit forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset var opprinneleg soldatheim på det tyske festningsanlegget Melland fort. I mai 1946 gjorde UL Havsus og Lesund skyttarlag vedtak om at styra i dei to laga skulle gå saman og utarbeida eit framlegg for å skaffa eit forsamlingshus. Etter kvart vart det m.a. nedsett eit husstyre. Dei to laga fekk overta den tidlegare soldatheimen frå staten. Men det var vanskeleg å finna tomt til huset. Etter kvart løyste dette seg ved at Sivert Ødegård selde tomt der huset står i dag, sentralt og like ved sjøen. Demonteringa av soldatheimen starta truleg sommaren/hausten 1947. Sentralt i flyttinga av huset stod jernbaneanlegget som tyskarane hadde bygd opp kring festninga. Les mer …
Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att. Les mer …
|