Smakebitar fra artiklar
|
Sygard Stamstad i Lom. Store delar av sitt vaksne liv budde Tosten Olsen i Øvergrenda på husmannsplassar under Stamstad og andre gardar i nærleiken. Nordgard Stamstad, som kan skimtast i bakgrunnen, var lensmannsgard 1823-ca. 1846. Nabogarden Synstad var lensmannsgard etter det, fram til 1884, så var Sygard Stamstad og deretter igjen Synstad bustad for lensmannen fram til 1891. Tosten var godt kjend i desse gardane. Han var fleire gonger arrestant der. I bakgrunnen: Lomsegga og Fossbergom bygdesentrum. (2011)
Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmannsson, og livnærde seg i vaksen alder som åkerbrytar, grøftegravar og med anna slags manuelt arbeid. Han fekk tidleg ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. Han vart også hugsa som ein god historieforteljar og skrønemakar. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk er Tosten udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande», under oppnamnet Musken. Les mer …
Tor Jonsson 1950. Foto: Ukjent. Tor Jonsson (fødd i Lom 14. mai 1916, død i Oslo 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet, som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sjel. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik, vondskap, liding og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler. Det er også innslag av programlyrikk og «stridsdikt», så vel som «ufarleg» naturlyrikk. Og som litteraturvitaren Reidar Djupedal nemner ein stad: «I ein stutt fredsrus våren 1945 gjekk Tor Jonsson og noko frå sin kjende veg og skreiv nasjonale dikt som stikk merkeleg av frå diktinga hans elles.» Les mer …
Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt). Foto: Ukjent. Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.
Les mer …
Jakob Bersveinsson Klukkstad (død 1773) er rekna for å vera den «fremste tå døm, som … gjorde døla-uthogsten (akantusskurden) så namnkunnog», iflg. Ivar Kleiven. Jakob var frå Lom og kom til Lesja kring 1742 for å lage ny preikestol til Lesja kyrkje. Han flytte til bygda og var busett på Nordistugu Klukkstad i Lesja i alle fall frå 1746 til han døydde i 1773.
Lesjingane bygde så ny kyrkje (ferdig 1749), og Jacob fekk oppdraget med å dekorere altartavla. Ho er rekna som meisterverket hans og var kanskje ikkje ferdig før i 1760-åra (sjå bilde nedafor). Han laga òg tre andre altartavler: til Skjåkkyrkja i 1751, Heidalskyrkja i 1754 og Kors kyrkje i Romsdalen. Les mer …
Storstabburet ved Lom bygdamuseum er eit staseleg tømrahus i tre høgder bygd i 1613 eller kort tid etter. Det er i dag ein del av museet og inneheld ei utstilling om «Vatn og korn» - dei spesielle vatningsteknikkane Nord-Gudbrandsdalen er kjent for og kva korndyrkinga har hatt å seie opp igjennom tidene.
Huset vart bygd som tiendebu for Lom prestegjeld, som den gong òg omfatta Skjåk. Ivar Kleiven meiner grunnen til at huset vart bygd så stort var at den samla tienda (til kongen, presten og kyrkja) frå Lom kunne vera så mykje som 300 tønner. Les mer …
|
|
|
Sjå òg
|
|
|
Kategoriar for Lom kommune
|
|
|
Andre artiklar
|
|
|
|