Forside:Nordmøre

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: Hustadvika • Sunndal • Tingvoll • Gjemnes • Averøy • Kristiansund • Surnadal • Smøla • Aure • Heim • Rindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Vinje kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2009)

Vinje kyrkje i Hemne i Heim kommune er ei åttekanta kyrkje i tømmer frå 1820.

Kyrkja har eit romansk krusifiks som kan vere frå slutten av 1100-talet. Det skal opphavleg ha stått utandørs med eit tak over, og vart attfunne under ei oppussing i 1950-åra. Altartavla frå 1712 er i nederlandsk barokkstil. Preikestol og altartavle vart flytta over frå gamlekyrkja.   Les mer …

«Johanna» malt av Daniel Hagerup.
«Johanna» av Indresæter er ei hardangerjakt som vart bygd i 1892 på verftet åt Gjermund T. Øvrevik ved Sålåsundet på Tustna. Jakta gikk i slofart på Lofoten og Finnmarka — med salt nordover og fisk salta rett i lasterommet sørover att. Skipper frå 1916 til 1937 var Hans T. Gimnes. Jakt «Johanna» vart selt til Erling og Haakon Taftø ved årsskiftet 1937/1938; skroget vart forlenga og ho vart avrigga og gjort om til motorfarty. I 1980 vart ho selt til Egil Torhus i Mosjøen. I 1992 vart ho kjøpt av Norway Yacht Charter i Oslo, og i dag er ho rigga som brigantin og bruka til turar på Oslofjorden. Laurdagen den 9. juli 2016 rente ho i land og sokk på grunt vatn ved Nesoddtangen. Alle 156 som var ombord vart berga. Tysdagen den 12. juni vart skuta heva, og eigarane seier dei vil gjera alt for å få ho i drift att.   Les mer …

Indresæter pr. Kristiansund, frå 18. mars 1968 6591 Indresæter, var ein postekspedisjon og seinare postkontor på Innersetra i Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre. Postkontoret vart etablert den 1. juli 1895 i samband med dampskipsekspedisjonen på Innersetra og dekte matrikkelgardane Storsetra, Innersetra, Hals, Innerberg og Fjelnesdalen — same området som Hals skulekrets. Den første postopnaren der var Gjermund Øvrevik (1850-). Sonen hans, Edvard G. Øvrevik, var postopnar frå 1. november 1921. Tremenningen Johannes Berven tok over i 1947 og var postopnar fram til siste opningsdagen, tysdag den 29. februar 1972. Frå onsdag den 1. mars same året vart området lagt under 6590 Tømmervåg.   Les mer …

Ephraim Wolff Koritzinsky
Ephraim Wolff Koritzinsky (1883–1942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Koritzinsky vart fødd 20. juni i Karlstad i Värmland i 1883 av foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamburg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium på Aars og Voss skole i Kristiania i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling.   Les mer …

Stormoltå sett frå Kalvika.
Foto: Olve Utne
Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå (nominativ/akkusativ) / (Stor-)Moltånn (dativ), er ein kring 300 m lang og 100 m brei, låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet (tidlegare kalla Nautsundet), mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning. Kring 10 m over flomålet lengst nord på øya ligg det mulige restar av ei rundrøys med truleg diameter på 5–6 m og ei høgd på kring halvmeteren.   Les mer …

Røykomn på Gyl i Tingvoll kommune på Nordmøre.
Ein røykomn nynorsk eller ein røykovn (bokmål) er ein open, mura eldstad utan skorstein. Røykavtrekket frå ein røykomn er same holet som ein fyrer i, og røyken går rett ut i rommet og opp ljoren. Det at rommet blir svært røykfylt under sjølve fyringa er den største ulempa med røykomnane. Når omnen først har vorte varm, så held han godt på varmen utover dagen, i motsetnad til kåpomnar og lysomnar med skorstein, der ein lyt fyre jamt for å halde på temperaturen. I skogfattige bygder og i bygder der det meste av solid treverk gjekk til handel under hollendartida var brenselseffektiviteten svært viktig. Røykomnar var tidlegare vanlege på Vestlandet og vidare nordover til Nordmøre så vel som blant skogfinnar.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar