Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård». Les mer …
Annonsa til Råmunddal Møbelfabrikk frå 1950-talet. Foto: Vegviser for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950.
Råmunddal Møbelfabrikk vart skipa i 1936 i nedre Lårdal, i dåverande Lårdal kommune, i dag Tokke kommune. Det var Sveinung Gunnarson Råmunddal (f. 30.4.1907) som eigde og dreiv fabrikken, og den sysselsette ei tid seks-sju mann.
Til å byrje med leigde Råmunddal den gamle dampturkebygningen til Lårdal Fabrikker som på denne tida vart drive av Olav Sandåker. I 1942 bygde han privathus på ei leigetomt frå prestegarden. I 1952 fekk han også leigetomt til møbelfabrikken, og bygde verkstad, kontor og lagerbygning i 1956.
Møbelfabrikken dreiv produksjon av mange typar møblar, men særleg småmøblar, stolar og bord. Fabrikken låg lagleg til ved Lårdal brygge, og fekk slik god tilgang på bjørketømmer frå skogeigarane langs Bandakskanalen. Les mer …
Inntrykk og tanker på julereisen hjem i 1927.Overfylt tog ut fra Oslo vestbanestasjon, masse julegjester på veg hjem til sine. Jeg plasserte kofferten min borte i en krok, og tok plass på den. Så satte toget seg i bevegelse. Langt borte over åsene i vest, kastet dagen sitt første lysskjær, mens vi kjørte forbi alle de kjente, små stasjonene utover til Sandvika. Her kommer dagen, brytende den mørke natten. En blank vinterdag med kulde ser det ut til å bli. I kupeen ved siden av har noen tatt frem en reisegrammofon, mens skjess og valser skiftes annen hver gang. Lenger borte står noen og tar juledrammen, mens i et annen hjørne står et forelsket par og småprater. Det er kanskje første juleturen de har sammen?
Jeg skulle treffe en Skiensgutt på toget, men har ennå ikke sett noe til ham. Får se på Drammen stasjon, så han får de magasinene jeg har tatt med til ham. Stakkar, det er ikke godt å være arbeidsløs, især en julaften. Jeg liker meg dog best alene. Sitte her å se på folkelivet. Det er ikke alltid man liker å prate, aller minst på veg hjem en julekvell.
"Drammen stasjon. Åtte minutter!" Konduktørens rop lyder så selvsikkert, i motsetning til alle de nervøse, påtrengende passasjerer som skal av. Jeg lister meg ut, og i fullt firsprang til restauranten. ½ øl smaker godt, mens jeg ser meg rundt etter kjente. Det er ingen å se. Begriper ikke hvor Nilsen er, kan ikke finne ham, selv om jeg går langs hele vognrekken, speidende, hutrer og fryser. Les mer …
Lårdal Fabrikker før brannen kring 1920.
Lårdal Fabrikker blei skipa i 1916. Fabrikken var ein trevarefabrikk som låg nede ved bryggja ved Bandak i Lårdal i Tokke kommune.Fabrikken blei skipa som eit lutlag av Jon og Kjetil Kleve. Interessentar teikna seg for ein eller fleire lutar av 250 kr, og med ein startkapital på 1/2 million tok dei til å byggje ein kraftstasjon i Lårdalsåi i 1916 [1], eit moderne sagbruk, eit høvleri, ein stor lagerbygning og ei dampturke. Kraftstasjonen var på 285 kW. [2] «Sagbruksbygningen hadde ei grunnflate på 400 m² og var bygd i to høgder med dobbel sagspindel, hunkappe og elektrisk turke i 2. høgd, klyvsag, dobbeltkante og høvelmaskin i 1. høgd. Fotutan ein lagerbygnad på 600 m² grunnflate høyrer det til anlegget ein snikkarverkstad [...].» [3] Les mer …
Landhandelen "Tønsberg" vart drivi av Olav Jore frå 1918. Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Tønsberg Landhandel vart starta rundt 1890 av Ø. M. Roaldkvam frå Suldal i Rogaland. Forretninga låg i krysset Dalen-Skafså-Åmot. Seinare vart forretninga overdratt til Rikard Svalastoga. Frå 1906 heitte forretninga A/S Svalastoga & Co. I 1818 tok Olav Jore over forretninga, og dreiv den som assortert landhandel i alle fall fram til 1949.
Olav Jore hadde tidlegare vore handelsstyrar ved Håtveit Handelslag. Sjølv om det var far til Olav, Såvi Jore, som hadde forkaupsrett til Tønsberg Landhandel, var det Olav som fekk overta 1. januar 1818.
Landhandelen hadde bakeri, slakteri, pølsefabrikk, røykeri og kjølelager. Forretninga hadde dessutan lager av sprengstoff for Grubernes Sprengstoffabrikker A/S. Omsetninga til forretninga låg på om lag 110 000 kr. i året kring 1950. Varene som vart omsatt mest var kolonial, kjøtt- og pølsevarer, manufaktur, isenkram og steintøy. Av brød- og kjøttvarer vart mykje selt engros. Forrentinga leverte varer til hotell og kafear både innan- og utanbygds. Les mer …
Vetle Vislie (født 21. september 1858 i Skafså i Tokke kommune, død 7. februar 1933 i Oslo) var skolemann, journalist og forfatter, blant annet var han mangeårig lærerskolerektor i både Kristiansand og Hamar. Som forfatter debuterte Vislie i 1889 med det historiske skuespillet Utan hovding, Blant romanene hans kan nevnes Heldøla (1895), Solvending (1897) og Trollringar (1903). Han utgav i 1890 en stor bok om Vinje og den utbredte Boksoga til bruk for seminar og ungdomsskular i 1901. Vislies gate på Hamar er oppkalt etter han. I Trondheim finnes Vetle Vislies veg, i et område der flere av veiene har forfatternavn. Les mer …
|