Kristofer Leirdal. Foto: Yngve Sakarias Leirdal.
Kristofer Leirdal (født 15. desember 1915, død 6. juli 2010 i Trondheim) var ein bilethoggar frå Aure kommune på Nordmøre. Han var son av småbrukar og snekkar Sakarias Skogan (1880–1951) og Karen Leirdal (1883–1966), og var gift med Aina Thiis (f. 1924). Leirdal laga fleire skulpturar til Nidarosdomen i Trondheim, hovudsakleg frå 1941 til 1942 og 1946 til 1983. Han var sentral i oppbygginga av eit vitalt kunstmiljø i byen. I Steinkjer har han laga statuen «Mann og hjul» i parken ved Biltilsynets verkstedhall (1970) og relieffet «Livets gang» kring hovudinngangen ved Steinkjer krematorium (1951). Les mer …
Skulehuset som var i bruk frå 1951 til 2009. Foto: R. Lie
Lesund skulekrins var ein tidlegare grunnskulekrins i Aure kommune. Krinsen vart oppretta på 1700-talet. Til å byrja med vart det dreve omgangsskule. I 1896 vart det bygd eiga skulebygning på nordsida av Lesund. Skulen frå 1896 vart reve i 1949, då det vart starta byggjing av nytt skulehus. Nyskulen vart teke i bruk i 1951. Den var bygd i to høgder, med loft. Dette bygget var i si tid omtala som ein mønsterskule i eit leksikon. Eit særpreg ved skulen er utsmykningane i tak og på dører. Dette var det kyrkjedekoratøren og malaren Daniel Skipnes (1882-1972) som stod for. I 2009 vart Lesund skule nedlagt, og elevane i krinsen vart flytta til Aure barne- og ungdomsskule. Les mer …
|