Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt). Foto: Ukjent. Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.
Les mer …
Erik Rudser. Foto: Ukjent
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born. Les mer …
Lomsk såmaskin Foto: Arnfinn Kjelland Den såkalla lomske såmaskina var ei radsåmaskin for korn som etter kvart erstatta såing av åkrane for hand i Nord-Gudbrandsdalen og i andre fjellbygder på Aust- og Vestlandet. Den sette såkornet like djupt i jorda, og det gjekk ikkje med meir enn knapt det halve i høve handsåinga. Maskina vart forbetra i fleire omgangar og var i bruk til ut på 1900-talet.
Sokneprest Niels Petersen i Lom skal etter Ivar Kleiven ha vore den som fekk ei slik maskin til bygda i 1780-åra. Rolv K. Øygard meiner Vass-Per fann opp maskina kring 1806. Men stykket hans i Årbok for Gudbrandsdalen inneheld i alle fall ein faktisk feil; han påstår at den første maskina Per laga kom til Sygard Geilo og at presten Petersen fekk sjå ho der og kjøpte ho. Det må da ha vore etter 1806, men Petersen reiste frå Lom alt i 1797. Les mer …
Kollagrendi er ei lita grend i Lom. Ho ligg på sørsida av Otta rett aust (sør etter retningane som er brukt i bygda). Området er ein del av det som opphavleg er kalla Meadalsmorki, eit område i Meadalen som var felleseige mellom Graffer i Vårdalen og Blakar, Stamstad, Kjæstad, Rostad, Kvåle og Frøyse på Søre Strondi.
Grafferskollen er den eldste plassen i dette området, busett før 1664. Nokre tiår seinare vart det og rydda eit Kolla-bruk som plass under Kjæstad. Så truleg i 1740-åra, om lag samstundes, vart dei to Råsbakken-plassane tekne opp. Søre var plass under Graffer heilt til 1971, og Nørdre under Kjæstad til 1923. Les mer …
|