Hellisøy fyrstasjon

Hellisøy fyrstasjon (gnr 173 bnr 1) ligg på ei lita øy i Fedje kommune. Anlegget har eit 32,2 m høgt fyrtårn i støpejern, som står på ein låg granittsokkel. Tårnet er på same måte som Eigerøy fyr i Rogaland fora med teglstein og gråstein som sikring mot bølgeslag. Fyret har 3. ordens linseapparat frå 1903 og maskinhus, bustad, naust og landing, samt tuft etter assistentbustad. Ein støypt veg fører frå landinga opp til bustaden og vidare over ei bru bort til fyret. Hellisøy har forholdsvis gode landingsforhold. Fyrstasjonen ligg mellom to område verna som naturreservat etter lov om naturvern.

Hellisøy fyrstasjon
S533.173.1.CD 04 037.jpg
Flyfoto 1988, i framgrunnen Hellisøy fyrstasjon. Busetnaden på Stormark i bakgrunnen med Fjellheim (bnr 21 og 3) nærast.
Foto: Aeronor
Oppretta: 1855
Status: Automatisert og avfolka 1992
Funksjon: Kystfyr
Eier: Staten v/ Kystverket
Fylke: Vestland
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 173
Bnr.: 1
Vernestatus: Freda etter lov om kulturminner

Fyrstasjonen har stor aldersverdi med landets nest eldste støpejernsfyr. Fyrstasjonen har høg grad av opprinneligheit, med linseapparatet framleis i drift. Anlegget har stor miljøskapande verdi sett i samanheng med bygningsmiljø og kulturlandskap på Fedje, og den gamle handelsstaden på Kræmmerholmen. Fedje kommune gjer omvisningar og leiger ut fyret.

Historie og folk

1. I 1814 var det berre 10 fyr i Noreg, av desse 5 kystfyr. I dei første åra etter lausrivinga frå Danmark var økonomien heller skral, men det vart bygd ein del nye fyr, i alt 15 fram til 1841. Det var aukande handel og skipstrafikk, og ein såg trongen for fleire fyr for å gjera tilhøva sikrare for skipsfarten. Fyrdirektørembetet vart oppretta i 1841, og ein fekk då ei samla leiing av fyrvesenet for heile landet. Bygginga av nye fyr skaut fart, slik at det vart bygd 16 nye fyr frå 1841 til 1849, og 28 i 1850-åra. Utbygginga heldt vidare fram utover mot slutten av 1800-talet, slik at talet på fyrstasjonar i drift ved hundreårsskiftet var komme opp i 138.

Som nemnt under Holmengrå fyr (gnr 169 bnr 3) kom fyrkommisjonen av 1851 etter ei synfaring til at Hellisøyna var den beste staden for eit kombinert kystfyr og innseglingsfyr for Bergen. I 1853 vart Hellisøyna sørvest på Fedje og eit jordstykke på fastlandet frådelt resten av Fedje. Det vart kalla Brissach-stykket etter den første fyrforvaltaren. Skøyte same året frå Kristoffer og Arnold Kahrs til Fyrvesenet for 255 spd. Det vart bygd eit støypejernstårn, det andre av det slaget i Noreg (det første var på Eigerøy fyr, Eigersund i 1854). I tillegg vart det bygd ein bustad med husvære for fyrforvaltar og for fyrassistent, samt uthus, torvhus, to naust og landingskai. Fyrstasjonen stod ferdig i 1855. Bustadhuset brann ned etter lynnedslag i 1902. Det vart då bygd to bustader, ein for fyrvaktaren og ein for fyrassistenten. Det var såleis heile tida to familiar som budde på fyret samstundes. Det var både koner og til dels mange born, som alle budde tett innpå kvarandre. Det er kanskje derfor ikkje overraskande at det kunne oppstå gnissingar og usemje, ja direkte konfliktar mellom familiane. I arkivet til Fyrvesenet finst det døme på dette, med fleire klageskriv frå den eine fyrfamilien mot den andre. Det kunne ikkje vera lett å leva saman på ein liten holme når ein fann det naudsynt å senda skriftlege klager på kvarandre. Frå 1959 var det ikkje lenger familiebustader på stasjonen. Fyrmeisterbustaden vart innreidd med hyblar og fellesrom, og fyrbetjentbustaden vart seld og riven (sjå Stormark gnr 172 bnr 117). Det vart oppretta ein meteorologisk stasjon her i 1924, som òg vart passa av dei tilsette på fyret. Den vart automatisert då fyret vart avfolka. Sjølve fyret vart automatisert i 1989, og så avfolka i 1993. Kystverket er eigar. – Turistane har overteke Hellisøy fyr, det er no høve til å overnatta her.

Av tilsetjingane av mannskap til fyrstasjonane (Hellisøy og Holmengrå) ser ein at det var folk med maritim bakgrunn som vart valde. Dei hadde som regel tidlegare vore styrmenn eller skipsførarar. Bakgrunnen for dette var truleg at ein ville ha folk som var vande til eit tilvere langt frå «sivilisasjonen». Livet på ein fyrstasjonen kunne naturleg nok vera nokså isolert, slik som sjølivet òg var. Føremonen for fyrpersonalet samanlikna med arbeidet til sjøs, var at dei kunne ha familien hjå seg på fyret. I byrjinga vart leiaren på fyret kalla fyrforvaltar. Frå 1880-åra vart nemninga fyrvaktar brukt, og frå 1939 fyrmeister. For den andre stillinga vart tittelen fyrassistent lenge brukt, etter siste verdskrigen er det endra til fyrbetjent.

2. Petter Christian Brissach f. 1804 Trondheim d. 1864 g. 1832 der m. Sara Andrea Baumann f. 1809 Trondheim d. 1889. Han var den første fyrforvaltaren på Hellisøy, frå 1855 til 1862. Familien budde først i Trondheim, der alle borna er fødde, han var skipsførar. Så var han fyrforvaltar frå 1847 til 1855 på Stavneset fyr, AverøyNordmøre. Frå 1862 til 1864 var han fyrforvaltar på Kvitholmen fyr, Eide i Romsdal. Han døydde i tenesta, og vart gravlagd på Bremsnes i Averøy. Saras seinare bustad Molde.

Born: a. Petrine (Trine) Mathilde Sahling f. 1825 d. 1899, var ugift syerske og strikkerske i Trondheim (mor enkefru Marta Sahling f. 1790). b. Jens Adolf Brissach f. 1834 d. 1888, kjøpmann, bustad Kristiansund, seinare Molde. c. Mary Emilie Brissach f. 1836 d. 1837, 5 md gl. d Mary Emilie Brissach f. 1838 d. 1846. e. Petter August Brissach f. 1840 d. 1841. f. Sigvard Christian Brissach f. 1840 (tvilling med d.) d. 1905, ugift, fyrvaktar på Henningsvær i Vågan og Kvitholmen, siste bustad Vevang i Eide, gravlagd Molde. Med Hansine Pauline Figenschau f. 1853 Karlsøy i Troms d. 1932 Andøy hadde han sonen Sigurd Andreas Brissach f. 1879 Tromsø d. 1937, bustad Trondheim. g. Petter August Brissach f. 1842 d. 1903, ugift, maskinist, bustad Molde, seinare Trondheim, gravlagd Molde. h. Valborg Gunelia Brissach f. 1844 d. 1917 g. 1872 Kristiansund m. Anders Oluf Daae f. 1843 Buksnes (i Vestvågøy) i Lofoten d. 1925, kapellan i Fjelberg (no i Kvinnherad) frå 1871, seinare prest i Balsfjord og Rindal, var sokneprest i Manger på Radøy frå 1886 til 1895 (jf Radøyb. III s 191), og deretter i Holme (Holum) i noverande Mandal. Dei flytta til Oslo. i. Sara Karoline Kristine Brissach f. 1847 d. 1938 g. 1874 Balsfjord m. em. Sivert Anton Dahl With f. 1844 Tromsø, handelsmann, bustad Dverberg, Andøy, budde i Molde i folketeljinga 1885, han var samlagsbestyrar og kemner. Seinare bustad Stokmarknes i Hadsel, der han var bokhaldar. I folketeljinga 1920 budde ho som enkje i Molde, og døydde der på Bolsøy.

3. Søren Olsen f. 1824 Stavern (i Larvik) d. 1879 g. 1867 Borgund m. Fredrikke Martine Andreasd Thoresen f. 1823 Bergen d. 1898. Han var den første fyrassistenten her frå 1855, han var då ugift. Så var han fyrforvaltar på Valderhaug fyr, GiskeSunnmøre frå 1861 til 1870. Han er oppført der i folketeljinga 1865, Fredrikke var enkje og hushaldar, og dei hadde fått ein son i lag. Dei gifta seg to år seinare. Søren var fyrforvaltar på Skongenes fyr, Vågsøy i Nordfjord frå 1870 til han døydde. Ho flytta heim til Bergen og døydde der.

Born: a. Anna Torvaldine Thoresen f. 1859 Ålesund (Fredrikkes dotter frå 1. es. med Thore Thoresen). b. Fredrik Olsen f. 1864.

 
Portrett av fyrforvaltar Andreas Jakobsen (4).
 
Portrett av Anna Marie Larsdatter (4).

4. Andreas Martin Jakobsen f. 1821 Stavern (i Larvik) d. 1897 g. 1842 Stavern m. Anna Marie Larsd f. 1816 Larvik d. 1907. Jakobsen var fyrforvaltar frå 1862 til 1894. Dei kom då frå Kyrhaug fyr, Edøy, SmølaNordmøre, der han var fyrforvaltar frå 1856, jf Smølab. II s 179, 213 og 214. Tidlegare var han seglskuteskippar, og familien budde i Stavern og så i Horten. Dei dreiv litt jordbruk til husbruk, i 1865 hadde dei 3 storfe og 7 sauer, og sådde 1 tn potet. I 1875 var dyretalet 3 kyr og 4 sauer, og utsådet ½ tn potet og ⅛ tn «andre rotfrukter» (kålrot?). I 1865 hadde dei tenarane Emilie Lundgren, 30 år, frå Kristiansund, Katrine Monsd f. 1845 Munkeberg, Lindås (jf Lindåsb. III s 553), Simen Kjellsen, 54 år, frå Stange i Hedmark, og Gudmund Gregoriussen f. 1845 Husa (gnr 168 bnr 6-2c). Seinare var Hans Johannessen f. 1847 Helland, Radøy (jf Radøyb. II s 602) tenar her, han drukna i 1870 då han fall ut av båten under opptrekking av eit garn. I 1875 var tenarane Rasmus Andreas Halvorsen f. 1850 Perhusbakken, Øygarden, og Berta Persd f. 1851 Hernar, Øygarden. Berntina Berntsd Berle f. 1859 Kopper (gnr 168 bnr 2-12aa) og Mikal Andreassen f. 1871 Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1g) var tenarar i 1891, dei vart seinare gifte, sjå Opphaugen (husmenn 1). Jakobsen og kona budde dei siste åra hjå dottera på Kremmarholmen.

Born: a. Jakobine Kristine Jakobsen f. 1841, sjå nr 5 her. b. Kristian Jakobsen f. 1849 d. 1920, maskinmeister, g.m. Bertha Emilie Nilsd Ingebrigtsen f. 1854 Bergen d. 1919, busette der. c. Karoline Mathilde Jakobsen f. 1854 d. 1940 g. 1885 m. em. Jørgen Langeland f. 1840 Fjell d. 1928, bustad Kremmarholmen gnr 169 bnr 2-4. d. Maria Magdalena Jakobine Jakobsen f. 1856 d. 1927, sjå nr 9 her. e. Johan Adolf Jakobsen f. 1858 d. 1940, mekanikar, bustad Solheimsviken, Bergen i 1875, reiste til Storbritannia, g. 1884 South Shields m. Elizabeth Rhoda Thomas f. 1864 London d. 1950, bustad South Shields, Durham i England, seinare Llandaff i Wales og så Cardiff i Wales. f. Peder Emil Jakobsen f. 1860 d. 1912, styrmann, reiste til USA i 1895, kom heim og var fyrassistent på Slåtterøy fyr, Fitjar, g.m. Anna Bøgenes f. 1877 Kristiansand d. 1859. Seinare var han fyrvaktar på Halten fyr i Frøya til han døydde. Ho flytta til Strinda i noverande Trondheim.

5. Johannes Sørensen f. 1832 Brunlanes (i Larvik) d. 1903 g. 1865 m. Jakobine Jakobsen f. 1841 Stavern (sjå 4a ovanfor). Han var styrmann, og kom frå Brevik i Telemark i 1862 for å overta assistentstillinga. Frå 1871 til 1877 var han fyrforvalter på Rødøy fyr, Osen i Sør-Trøndelag (jf Bjørnørb. I s 193). Frå 1877 til 1887 var han fyrforvalter på Prestøy fyr, Nærøy i Nord-Trøndelag. Han var fyrvaktar på Utsira fyr i Rogaland frå 1887 til 1902, sjå Utsirab. s 408. Dei flytta til Haugesund i 1902, og Jakobine til dottera i Drammen om lag 1904. Ho budde enno der i folketeljinga 1910.

Born: a. Karl Anton Severin Sørensen f. 1866 d. 1941, utvandra til USA i 1890, g. 1891 Licking m. Margaret Christina Hoff f. 1872 Dane i Wisconsin d. 1953 (av norskfødde foreldre), farmarar i Licking, så i Lawrence, begge i Whatcom, Washington. b. Andreas Martin Sørensen f. 1868 d. 1939, ugift, snikkarmeister og møbelhandlar, bustad Haugesund. c. Oline (Linken) Gurine Sørensen f. 1870 d. 1951 g. 1895 Utsira m. Erling Sørbøen f. 1867 Sør-Aurdal i Valdres d. 1927 (jf Sør-Aurdalsb. IB s 151), overlærar ved folkeskulen, bustad Drammen. d. Torvald Sørensen f. 1872 d. 1896 Utsira av tæring. e. Johanne (Hanna) Sørensen f. 1875 d. 1938 g. 1900 Lindås m. Einar Bjørnstad f. 1874 Mandal d. 1963, ingeniør, teknisk lærar, direktør, bustad Koblenz i Tyskland, så Breslau (Wroclaw) i Polen, deretter Trondheim, seinare Bærum (son av Anton Bjørnstad, sokneprest m.a. i Lindås, sjå Lindåsb. III s 525). f. Jakobine Kristine (Stine) Sørensen f. 1875 d. 1961 (tvilling med e.) g.m. Ferdinand Fredrik Hansen f. 1865 Bergen d. 1937, bankkasserar, budde der.

 
Hellisøy fyr frå sjøsida i 2022.
Foto: Karsten Madsen


6. Johan Magnus Olsen f. 1841 Grønland, Aker i Oslo d. 1895 (tæring) g.1.g. 1862 Horten m. Margrete Marie Jørgensd Elgenes f. 1826 Molde d. 1876. Olsen var fyrassistent frå 1872 til 1877. Familien budde først i Horten, der sønene er fødd, og Olsen var konstabel. Frå 1870 til 1871 var han fyrforvalter på Espevær fyr, Bømlo. Han var fyrforvalter på Rødøy fyr, Osen i Sør-Trøndelag (jf Bjørnørb. I s 193) frå 1877 til 1894.

Born: a. Ole Jørgen Olsen f. 1863 d. 1884 (tæring), student. b. Johan Olsen f. 1865 d. 1867 (lungebetennelse).

Johan Magnus Olsen g.2.g. 1878 Flatanger m. enkja Maren Fredrikke Kristensd f. 1836 Årgårdsplassen, Namdalseid (då del av Beitstad), Nord-Trøndelag d. 1905. Begge døydde på Otterøy i Fosnes (no i Namsos kommune).

7. Rikard Aleksander Melkiorsen Koch f. 1835 Bodø d. 1906 g.1.g. 1871 Bergen m. Fredrikke Amalie Abrahamsd Gundersen f. 1840 Bergen d. 1888 (lungebetennelse), budde først der. Koch var fyrassistent frå 1878 til 1881. Han var tidlegare styrmann. Frå 1882 til 1888 var han fyrvaktar på Flatøy fyr i Steigen, Nordland. Han var fyrvaktar på Grip fyr, Kristiansund frå 1888 til 1894. I 1894 kom han tilbake til Hellisøy fyr, no som fyrvaktar. I 1900 var Marius Olaisen f. 1878 Stormark (gnr 172 bnr 20-1a) tenar her. Koch og familien flytta til Bodø i 1901, da han vart fyrvaktar på Nyholmen fyr ved Bodø.

Born: a. Hanna Fredrikke Koch f. 1872 d. 1919 g.m. Haakon Arnesen f. 1867 Oppdal, oppvaksen Hemne d. 1932, skipsførar, bustad Bergen. b. Albert Melkior Koch f. 1878 d. 1967, bokhaldar, g. 1903 Stavanger m. Tilla Svendsen f. 1884 Stavanger d. 1950, budde først der, så Hedrum (no i Larvik), seinare Harstad. c. Alette Katrine Koch f. 1881 d. 1928 (tub.), sjukepleiar, frisørdame, g. 1907 Trondheim m. Ejnar Nielsen f. 1883 København d. 1939, maskinfabrikant, bustad Harstad, så København, seinare Trondenes. d. Richard Aleksander Koch f. 1885 d. 1968, styrmann, g. 1916 Moster i Bømlo m. Elisebeth Simonsd Bjørnevik f. 1892 Bømlo d. 1978 (sjå Bømlob. IV s 46), bustad Bergen.

Rikard Koch g.2.g. m. Charlotte Amalie Jørstad f. 1852 Steinkjer d. 1902.

Barn: e. Hans Sverdrup Krogh Koch f. 1892 d. 1964, reiste til sjøs i 1907, og busette seg i USA i 1914, g. 1927 Nantucket m. Inez Simpson Russell f. 1910 Nantucket i Massachusetts d. 1963, budde der, seinare i New York.

Rikard Koch g.3.g. m. Olea Arntine Martinussen f. 1871 Steigen d. 1933, bustad Bodø.

Barn: f. Ralf August Koch f. 1905 d. 1913.

8. Kristen Matheus Mortensen Eltvedt f. 1833 Porsgrunn d. 1893 g.m. Erika Helena Hägglund f. 1839 Sundsvall i Sverige d. 1924. Han var fyrassistent frå 1883 til 1888. Han var tidlegare skipsførar, og familien budde i Arendal, der borna er fødde. Frå 1888 til 1893 var han fyrvaktar på Ytre Møkkalasset fyr, Austre Moland i Aust-Agder (no i Arendal). Deretter flytta dei til Barbu, der han døydde same året. Ho budde der hjå den eldste dottera i folketeljinga 1900, og døydde der.

Born: a. Ulrika (Ulla) Kristina Marie Eltvedt f. 1859 d. 1951 g.m. Nils Elsenius Eriksen Lunøe f. 1858 Arendal d. 1899 (tæring), skipsførar, bustad Hisøy og Barbu i Arendal, seinare flytta ho som enkje til byen Arendal. b. Morten Abraham Eltvedt f. 1864 d. 1914, lagerformann, så styrmann, g.m. Anna Otilie Pedersen f. 1866 Fjære i Grimstad d. 1955 (Fjæreb. II s 205), bustad Barbu, flytta til Kristiania (Oslo). c. James Julius Eltvedt f. 1866 d. 1868. d. Karen Mathea Eltvedt f. 1869 d. etter 1910 g.m. Erik Andersen f. 1854 Larvik d. 1904, sagbrukseigar og ordførar, bustad Flosta i Arendal. Han døydde i eit ulykkestilfelle ved fall i ein islagt bakke. Som enkje flytta ho til Arendal by. e. Lars Frithjof Eltvedt f. 1871, nemnd då faren døydde, men ukjend bustad. f. Johan Alfred Hegglund Eltvedt f. 1875 d. 1930, skipsførar, g.m. Jenny Berntsen f. 1875 Flosta i noverande Arendal d. 1928, budde der.

 
Hellisøy fyr i 2021 med fyrvaktarbustaden, maskinhuset og naustet. Vêrane ligg på «fastlandet» i framgrunnen.
Foto: Karsten Madsen


9. Torger Guttormsen Røed f. 1855 Søndeled i Risør d. 1899 (jf Søndeledb. III s 396) g.2.g. 1890 Bergen m. Maria Magdalena Jakobsen f. 1856 Smøla (sjå 4d ovanfor) d. 1927. Røed var fyrassistent frå 1888 til 1893. Dei hadde i 1891 tenaren Anna Martinusd f. 1871 Kongestølen (gnr 169 bnr 9-1a). I 1893 vart Røed fyrassistent på Store Torungen fyr, Arendal. Frå 1895 til han døydde var han fyrvaktar på Lille Presteskjær fyr, Sokndal i Rogaland. Ho flytta til Egersund og dreiv pensjonat, og sidan til Stavanger.

Born: a. Gudrun Anita Røed f. 1890 d. 1966, utvandra til USA i 1910 med reisemål Illinois, g. 1913 Minnesota m. Marselius Tobiesen f. 1889 Stavanger d. 1960 (utvandra 1908), maskinist, bustad Minneapolis, Minnesota. b. Sigdis Songe Røed f. 1894 d. 1970 g. 1918 Flekkefjord m. Eyvind Ursin Smith f. 1889 Kistrand i Porsanger d. 1955, kontorsjef, bustad Oslo og Stavanger. c. Trygve Markvard Rød f. 1897 d. 1961, kjøpmann, g. 1933 Stavanger m. Sigrid Emilie Johannessen f. 1911 Stavanger d. 1999, budde der.

Torger Røed vart g.1.g. m. Johanne Kristoffersen d. 1884, dei hadde ein son f. 1884 d. 1885 i Porana i Argentina, 4 md gl. Dette kjem fram av eit skriv frå Røed i samband med at han måtte ha skifteattest for å gifta seg opp att.

10. Johan Kristian Rasmussen f. 1838 Bergen d. 1910 g.1.g. 1863 m. Berte Marie Johansd Storm f. 1838 Kristiansand d. 1899. Han var fyrassistent frå 1893 til 1894. Han kom då frå fyrassistentstillinga på Gjæslingan fyr, Vikna i Nord-Trøndelag. Tidlegare var han styrmann, og familien budde i Bergen, der alle borna er fødde. Så var han fyrvaktar på Rødøy fyr, Osen i Sør-Trøndelag frå 1894 til han døydde (sjå Bjørnørb. I s 194). Både han og kona vart gravlagde i Vikna, Nord-Trøndelag.

Born: a. Johan Kristian Storm Rasmussen f. 1867 d. 1885, kontorist, bustad Bergen. b. Nils Bernhard Rasmussen f. 1869 d. 1876. c. Lauritz Rasmussen f. 1871 d. 1947, maskinsjef, utvandra til USA i 1898, g.m. Katrine Bøe f. 1872 Kristiansand d. 1963, bustad Brooklyn i New York. d. Marie Rasmussen f. 1873, utvandra til Amerika. e. Karl Rasmussen f. 1874 d. 1878. f. Signe Rasmussen f. 1875 d. 12 dg gl.

Johan Kristian Rasmussen g.2.g. 1901 Roan m. Martha Julie Benjaminsd Berg f. 1868 Gåsvær, Vikna d. 1945 (jf Viknab III s 304). Ingen born. Ho budde seinare på Bergsvik og Rørvik i Vikna, der ho var hushaldar i folketeljinga 1920.

11. Gustav Gerhard Gjertsen f. 1848 Larvik d. 1924 g. 1879 Tjølling m. Beathe Marie Hansen f. 1857 Rekkevik, Tjølling i Larvik d. 1942 (sjå Tjøllingb. II s 26). Han var fyrassistent frå 1895 til 1900. Dei kom då frå Tjølling, han var skipsførar. I 1900 vart han mellombels fyrvaktar på Lille Presteskjær fyr, Sokndal i Rogaland, fast fyrvaktar der frå 1901 til 1918. Familien budde framleis der i folketeljinga 1920, då sønene var tilsette der, og dottera var hushaldar.

Born: a. Gottfred Gjertsen f. 1879 d. 1960, fyrmeister på Lille Presteskjær fyr, g. 1931 Sokndal m. Alice Bjånes f. 1904 Kristiansand d. 1985, bustad Sokndal. b. Hans Gjertsen f. 1882 d. etter 1929, fyrassistent, g.m. Thormona Karoline Båkind f. 1882 Faukal i Østre Toten, oppvaksen Tvedestrand d. 1929, bustad Rekefjord i Sokndal, seinare var han fyrvaktar på Tranøy fyr i Hamarøy, Nordland, og dei flytta dit. c. Magnus Collert Gjertsen f. 1890 d. 1964, fyrassistent på Lille Presteskjær fyr, seinare bustad Stavanger. d. Oskar William Gjertsen f. 1892 d. 1979, styrmann, g. 1922 Stavanger m. Anna Hovda f. 1888 Nærbø i Jæren d. 1966 (jf Hå/Nærbøb. I s 144), bustad Stavanger. e. Bergljot Magdalene Gjertsen f. 1894 d. 1980, hushaldar på Lille Presteskjær fyr, seinare g.m. Arthur Albert Aanensen f. 1894 Søgne i Vest-Agder d. 1977, tolloverbetjent, bustad Sokndal.

12. Heinrich Christian Carl Weltz f. 1852 Eiker i Buskerud d. 1909, var styrmann og budde på Grønland i Kristiania (Oslo) i folketeljinga 1875, deretter var han telegrafstyrar på Færder fyr i Tjøme, g.1.g. m. Hanne Louise Hansen f. 1861 Horten d. 1891.

Born: a. Heinrich Kristian Finn Weltz f. 1887 d. 1970, skipsførar, g. 1915 Oslo m. Martha Hermansen f. 1885 Bragernes, Drammen d. 1956, bustad Bergen. b. Hanne Sigfrid Ruth Weltz f. 1889 d. 1967 g. 1923 Oslo m. Thorleif Fosse f. 1887 Egersund d. 1972, provisor, bustad Bærum og Drammen.

Heinrich Weltz g.2.g. m. Anette Hansen f. 1863 Horten d. 1951, søster til den første kona. Frå 1894 til 1901 var han fyrvaktar på Torbjørnskjær fyr, Hvaler i Østfold. Han var fyrvaktar på Hellisøy frå 1901 til han plutseleg døydde. Enkja og dei fire borna flytta deretter til Oslo, der dei budde i Bogstadveien 60 i folketeljinga 1910, då ho levde av pensjon og privat stønad.

Born: c. Leo Lauritz August Weltz f. 1894 d. 1992, avdelingssjef assuranse, g. 1932 Oslo m. Margareta Elfa Fryxell f. 1899 Stockholm d. 1990, bustad Oslo. d. Tom Thorvald Kruse Weltz f. 1897 d. 1921 (tub.), skipsmeklar, bustad Oslo.

13. Simon Nikolai Singdahlsen f. 1856 Nøtterøy, Vestfold, oppvaksen Bergen d. 1943 g. 1886 Bergen m. Karen Malene Aslaksd Eimstad f. 1856 Bergen d. 1930. Han var fyrassistent frå 1901 til 1905. Han var før skipsførar, og familien budde tidlegare i Bergen, der borna er fødde. Frå 1905 til 1913 var han fyrvaktar på Svinøy fyr, HerøySunnmøre (jf Herøyb. I s 22). Han var fyrvaktar på Digerudgrunnen fyr, Frogn i Akershus frå 1913 til 1923. Dei flytta sidan tilbake til Bergen.

Born: a. Gudrun Singdahlsen f. 1887, utvandra til USA i 1913, gift Steinwalls, bustad New York. b. Ranveig Singdahlsen f. 1888 d. 1955, jordmor, bustad Bergen. c. Trygve Singdahlsen f. 1889, bustad New York. d. Aslaug Singdahlsen f. 1891 d. 1973 g.1.g. m. Arnt Syvertsen f. 1893 Fredrikstad, kontorist, bustad Bergen, så Oslo, g.2.g. 1926 Oslo m. Erik Sparre f. 1898 Bergen, oppvaksen Oslo d. 1960, redaksjonssekretær, bustad Oslo. e. Thorolf Singdahlsen f. 1893 d. 1973, smed, korgmakar, g. 1916 Bergen m. Gjertrud Nilsdtr. Kvamme f. 1892 Vik i Sogn d. 1972 (jf Vikb. III.1 s 122), bustad Bergen. f. Sverre Singdahlsen f. 1895, var salmakarlærling ifølgje folketeljinga 1910, d. før mora. g. Fridtjof Johan Singdahlsen f. 1896 d. 1990, bustad Lier, så Jevnaker og til slutt Sylling i Lier. h. Sigrid Singdahlsen f. 1897 d. 1977 g.m. Kaare Reidar Norum f. 1904 Haugesund d. 1970, bustad Oslo. i. Einar Singdahlsen f. 1900 d. 3 md gl.

14. Andreas Baardsen f. 1848 Varhaug, Jæren, oppvaksen Stavanger d. 1924 (jf Håb. II s 47 nr 78a) g.1.g. 1874 Stavanger m. Gurine Bolette Berntsd Helgesen f. 1850 Stavanger d. 1914. Han var fyrassistent frå 1905 til 1911. Han var tidlegare skipsførar, og dei budde då i Stavanger. Frå 1911 til 1917 var han fyrvaktar på Skarvøy fyr, Øygarden.

Born: a. Taletta Baardsen f. 1876 d. 1897 (barselfeber) g. 1897 Stavanger m. Peder Olai Ellingsen Ueland f. 1864 Hetland, Stavanger d. 1933, skipsførar, bustad Stavanger. b. Inger Baardsen f. 1879 d. 1969 g. 1915 Stavanger m. em. Karl Olai Jansen f. 1876 Stavanger d. 1943, disponent, bustad Randaberg. c. Børge Baardsen f. 1881 d. 1975, koparslagar, g. 1908 Stavanger m. Bertine Aline Berntsd Kønig f. 1886 Skudenes, Karmøy d. 1971 (sjå Karmøyb./Skudenes s 771), bustad Stavanger. d. Andreas Baardsen f. 1889 d. 1976, elektrisk montør, g.1.g. 1916 m. Lorense Katrine Kristiansd Wessel f. 1893 Stavanger, budde der i 1917, utvandra til USA. Andreas g.2.g. m. Hardis Ingeborg Olsen f. 1900 Bergen d. 1990, bustad Glen Cove i New York. Dei kom tilbake og budde i Oslo.

Andreas Baardsen g.2.g. 1917 Skudenes m. Berit Marie Jensd Orø f. 1874 Teistklubben i Bud, KvernesNordmøre (seinare i Fræna) d. 1964. Ingen born. Han vart fyrvaktar på Skude fyr, Falnes i Karmøy i 1917 (seinare kalla Skudenes fyr). Dei flytta tilbake til Stavanger. Som enkje budde ho i Sandnes.

15. Gustav Fredrik Svanøe f. 1849 Bergen d. 1947 g.m. Fredrikke Karoline Kristiane Klebing f. 1849 Flensburg i Tyskland d. 1919. Han var tidlegare skipsførar, bustad Flensburg og så Bergen. Svanøe var fyrvaktar frå 1909 til 1919. Han kom då frå fyrassistentstillinga på Marstein fyr, Austevoll. Dei flytta som pensjonistar til Bergen.

Born: a. Petrikke Dorotea Svanøe f. 1875 Flensburg d. 1880 Cardiff i Wales, gravlagd Bergen. b. Ragna Marie Svanøe f. 1877 Queenstown (no Cobh) i Irland, døypt i Sjømannskyrkja i Newcastle, England d. 1911 g. 1908 London m. Fredrik Balmain Rodgers f. 1869 Horningnow, Staffordshire i England d. 1948, bustad London, så Edmonton, Middlesex i England. Han flytta sidan til London igjen, og seinare til Bath i Somerset, England.

16. Hans Plad Bordrud f. 1857 Bergen d. 1931 g. 1899 Bergen m. Lorentze Amundsen f. 1859 Bergen d. 1915. Ingen born. Han var fyrassistent frå 1912 til 1922. Tidlegare var han skipsførar, og dei budde då i Bergen. Han flytta dit igjen etter endt teneste. Frå 1922 til 1928 var han fyrvaktar på Feøy fyr, Karmøy.

 
Ein fyrvaktarfamilie (17). Frå venstre: Borghild, Konrad, Mariane, Lilly, Ivar og Johan Tangen

17. Ivar Johansen Tangen f. 1874 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-15a) d. 1944 g. 1897 m. Mariane Knutsd f. 1875 Hernar, Øygarden d. 1937. Ivar var reserveassistent på Holmengrå fyr frå 1903, fyrvaktar på Værøy fyr, Nordland 1911, fyrvaktar Holmengrå (gnr 169 bnr 3-7) frå 1915, og fyrvaktar på Hellisøy fyr 1919‑1944. Han var den første fyrvaktaren som var fødd på Fedje. Familien er ført i Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-16.

18. Marius Andersen Lunde f. 1888 Radøy d. 1927 (jf Radøyb. II s 256, son av Guri Hansd f. 1853 og Anders Rasmussen Lunde f. 1841 d. 1890, dei hadde òg dottera Elina Marie f. 1879, sjå Kopper gnr 168 bnr 106-1) g. 1906 m. Katinka Kornelia Monsd f. 1881 Litlelindås, Austrheim d. 1945 (jf Austrheimb. II s 498, dotter av Mons Ellingsen f. 1848 og Anna Olaisd f. 1854). Marius var fyrassistent frå 1922, han var tidlegare los, og familien budde då i Bergen.

Born: a. Maria Lunde f. 1907 d. 1910. b. Gudrun Amanda Lunde f. 1908 d. 2004 g. 1928 m. Georg Uthaug f. 1903 (gnr 168 bnr 20-9c) d. 1976, bygde der (gnr 168 bnr 66). c. Maria Amalia Lunde f. 1910 d. 1924. d. Borghild Lunde f. 1912 d. 1995 g. 1943 m. Norris Bernhard Bødtker f. 1910 Iowa i USA, oppvaksen Bergen d. 1993, lagerformann, bustad Bergen. e. Mons Karolius Lunde f. 1914 d. 2002 g. 1942 Hafslo m. Signe Kvalen f. 1917 Øvreheim i Hafslo, Luster i Sogn d. 1996, utvandra til USA i 1953, bustad Seattle. f. Nils Olai Lunde f. 1916 d. 1927. g. Haakon Martin Lunde f. 1918 d. 2001 g.m. Solveig Mohn f. 1929 Bergen d. 2020, bustad Åsane i Bergen (sjå Åsaneb. V s 356, og Austrheimb. II s 538). h. Arthur Lunde f. og d. 1920. i. Agnes Kristine Lunde f. 1921 d. 1923 (fall frå brygga og drukna).

Den 28. august 1927 hende det tragiske at Marius og sonen Nils Olai drukna like ved fyret. Dei hadde sett Mons i land for å henta post på Fedje, og då dei skulle tilbake, kom ein stor brottsjø og fylte båten. Nils Olai vart ikkje attfunnen.

Resten av familien flytta etterpå tilbake til Bergen.

19. Edvard Camillo Kristiansen f. 1878 Kristiania (Oslo) d. 1952 g.1.g. 1915 Halden m. Bergliot Matina Jørgensd Schjelderup f. 1894 Kragerø d. 1983, bustad Oslo. Ingen born. Ekteskapet oppløyst. Han var fyrassistent frå 1927 til 1930. Han var elles skipsførar. Bergliot var g.2.g. m. Harry Moxness f. Trondheim, dei reiste til San Pedro i California, USA i 1926. Bergliot g.3.g. 1932 Oslo m. Sverre Poulsen f. 1892 Seljord, oppvaksen Oslo d. 1987, bustad Oslo.

Camillo Kristiansen g.2.g. m. Anna Marie Jakobsen f. 1908 Tjøme i Vestfold d. 1999, bustad Stavern (i Larvik). Ho vart oppattgift med em. Helge Mathisen f. 1901 Stavern d. 1993.

Barn: a. Rolf Sten Kristiansen f. 1938 g.1.g. 1960 m. Liv-Anne Ruste f. 1938 Oslo, busette der. Ekteskapet oppløyst. Han tok i 1962 etternamnet Kevin, g.2.g. m. Aud Marie Johansen f. 1937, bustad Oslo.

20. Karl Magnus Olsen f. 1898 d. 1966 g. 1925 Bergen m. Ingeborg Marie Tønnessen f. 1895 d. 1983, begge frå Egersund. Han var fyrassistent frå 1931 til 1937, han var tidlegare styrmann. Deretter vart han fyrassistent på Lista fyr, Farsund, og frå 1960 til 1965 fyrmeister på Tungenes fyr, Randaberg ved Stavanger. Så flytta dei til Egersund igjen.

         Barn: a. Ole Andreas Olsen f. 1930 d. 2006 g. 1959 m. Oddbjørg Allis Hansen f. 1936 Lista, bustad Ganddal i Sandnes, seinare Bjorbekk i Arendal.

21. Ananias Hellemann Kristoffersen Elholm f. 1898 Austevoll (jf Austevollb. II s 444) d. 1985 g. 1942 Fedje m. Nilla Kristine Johansd Bø f. 1909 Radøy d. 1953 (sjå Radøyb. I s 631). Elholm var fyrassistent frå 1937 til 1946, han var tidlegare styrmann. Han var fyrmeister på Røværsholmen fyr, Skåre i Haugesund frå 1946 til 1962. Han flytta sidan heim til Austevoll.

Barn: a. Astrid Norunn Elholm f. 1943 g. 1964 m. Arne Myklebust f. 1942 Randaberg, busette der.

– Seinare fyrbetjentar frå Fedje er oppførte under sine faste bustader.

22. Trygve Marius Selvig f. 1892 Horten, oppvaksen Nøtterøy, Vestfold d. 1959 g. 1923 Vågsøy m. Martha Dorthea Refvik f. 1895 Vågsøy i Nordfjord d. 1985, der dei budde først. Selvig var fyrmeister frå 1944 til 1947. Tidlegare var han styrmann, og så fyrassistent på Ytterøyane fyr i Kinn, Flora, der den yngste dottera er fødd. Så var han fyrvaktar på Bremstein fyr, VegaHelgeland frå 1935 til 1944. Frå 1947 til 1952 var han fyrmeister på Leirvik fyrStord, og frå 1952 til han døydde på Ulvesund fyr, Vågsøy. Enkja Martha heldt fram med å bu i Vågsøy, på Raudeberg.

Born: a. Martha Ellinor Selvig f. 1924 d. 1931 Vågsøy. b. Tordis Selvig f. 1926 d. 2008 g. 1949 m. John Lillestøl f. 1926 Vågsøy d. 2003, bustad Raudeberg i Vågsøy. c. Ellinor Martha Selvig f. 1932 d. 1954 Vågsøy.

23. Kristen Bernhard Langseth f. 1885 Vatne i Haram, Sunnmøre d. 1961 (jf Vatneb. II s 502) g. 1917 Bergen m. Kitty Fredrikke Urheim f. 1898 Gryta i Gulen d. 1960 (sjå Gulenb. I s 312). Han var fyrmeister frå 1948 til 1949. Dei kom då frå Uttorgflesa fyr, BrønnøyHelgeland, der han var fyrvaktar frå 1934 til 1948. Sidan var han fyrmeister på Agdenes fyr i Trondheimsfjorden frå 1949 til 1955. Seinare budde dei òg i Agdenes.

Barn: a. Eva Langseth.

24. Henry Hansen f. 1901 Kristiania, oppvaksen Sandar i Vestfold d. 1972 g. 1930 m. Sigrid Kristine Skaflestad f. 1906 Fana, oppvaksen Nordnes i Bergen d. 1979. Ingen born. Han var fyrmeister frå 1949 til 1961. Han var tidlegare fyrassistent på Skrova fyr, Vågan i Lofoten frå 1939. Frå 1944 til 1949 var han fyrmeister på Bremstein fyr, VegaHelgeland. Så var han fyrmeister på Kvitsøy fyr i Rogaland frå 1961 til 1968 (jf Kvitsøyb. s 374). Dei flytta deretter til Laksevåg i Bergen.

25. Karl Leon Falch f. 1901 Bergen d. 1974 g.1.g. 1928 Bergen m. Olga Katrine Petersen f. 1902 Bergen d. 1953, ingen born, es. oppløyst, g.2.g. 1935 Bergen m. Anna Severine Olsen f. 1905 Bergen d. 2001, busette der, han var styrmann. Falch var fyrmeister 1961-1966. Seinare bustad Bergen.

Born i 2. ekteskap: a. Anne-Karin Falch f. 1936 d. 2014 g. 1960 m. Per Johan Halvorsen f. 1930 Bergen d. 1973, bustad Åstveit i Åsane, Bergen (jf Åsaneb. V s 91). b. Karl Hartvig Falch f. 1941 g. 1970 m. Berit Engelsen frå Breivik i Laksevåg, bustad Bergen.

26. Augun Antonsen f. 1923 Stormark (gnr 172 bnr 31-1a) d. 2012 var fyrmeister på Hellisøy fyr frå 1966 til 1991. Familien er ført på Børhaugen gnr 168 bnr 74-2. Augun vart fyrbetjent 1942 hjå onkelen Hilmar på Geita fyr, Værlandet i Askvoll, og fast fyrmeister der frå 1956 (jf Askvollb. IIB s 718). Han hadde i alt 48½ års teneste, den lengste tida nokon har vore i fyrvesenet i Noreg, fekk Kongens fortenestmedalje i sølv.

27. Håkon Husa f. 1929 (gnr 168 bnr 104-3a) d. 2011 var fyrmeister frå 1991 til 1993. Familien er ført i Husøyna gnr 168 bnr 259. Han var den siste fyrmeisteren på Hellisøy fyr, då fyret vart avfolka i 1993.

Eksterne lenkjer

Kjelder


  Hellisøy fyrstasjon er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fedjemarka 40 (Fedje gnr 172 bnr 240) 

Koordinater: 60.75209° N 4.7107° Ø