Olav Viken ca. 1960. Foto:Kristian Hosar. Olav (Olaf) Viken (fødd i Skjåk 25. februar 1895, død same stad 1963) var den siste i Skjåk som hadde tjørebrenning som yrke. Særleg i ungdomen var han også aktiv i lokalpolitikken, som ein av pionerane i arbeidarrørsla i Skjåk.Foreldra var Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Olav hadde åtte sysken og var sjølv nummer fem i rekkja. Eine systera var Ragna Nyhus. Familien hadde fleire heimar i Olavs oppvekst. I folketeljinga 1900 er dei plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad. Les mer …
Faksimile frå Aftenposten 19. november 1959: annonse for Aslaug Høydal si bok Sevje.
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.
Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim. Les mer …
Hjørmund Kummen på sine eldre dagar. Foto frå familien.
Hjørmund Kummen (fødd i Skjåk 6. februar 1916, død i Seattle, USA, 2000) var ingeniør og krigsflygar. Mesteparten av yrkeskarrieren sin hadde han etter krigen i Canada og USA, der han hadde der leiande stillingar i fly- og krigsindustri.
Hjørmund tok ingeniørutdanning i Uppsala. Deretter gjekk han inn i flyvåpenet ( Hærens flyvåpen) i Noreg. I april 1940 var han mekanikarsersjant på Flygerskolen på Kjeller. Kummen var vakthavande befal den 8. april. Om ettermiddagen beordra skolesjefen rittmeister Normann evakuering av dei om lag 30 øvingsflya på staden. Kummen hadde det fyrste døgnet ansvaret for vakthaldet over flya som var halde i skjul ved Øyeren.Den 8. mai 2012 vart det avduka ein minneplakett over Hjørmund Kummen ved familiens gravstad ved Skjåk kyrkje. Les mer …
«Hov engeland» (Dagsgardsøygards- og Åbusgardane) i Skjåk, fotografert frå Plasskvea (frå nord mot søraust) i november 2010. Nordberg kyrkje litt til høgre for midten av biletet. Foto: H.P.Hosar
Dagsgardsøygarden (gnr. 93) er ein matrikkelgard i Skjåk, i grenda Øygardane i Nordberg sokn. I matrikkelen heiter garden Hov engeland. Det namnet dukkar opp i kjeldene på 1600-talet, og kan vere ein indikasjon på at staden har ei busetjingshistorie som går attende til førkristen tid. «Dagsgardsøygarden» er eit mykje nyare namn, truleg teke i bruk rundt 1800. Det namnet vitnar likevel om tilhøve som går attende til øydetida etter Svartedauden 1350. Det var øydegarden som vart nytta av Dagsgard.
I aust grensar matrikkelgarden mot Hovkvea, som er skilt ut frå Uppigard Skjåk, og mot ein skogteig som framleis tilhøyrer den garden på Skjåkstronda. I vest går grensa mot gnr. 94 Nyhus (Plassen i lokal daglegtale) og gnr 95 Stubbesletten (Søre Bysjet) og mot Skjåk Almenning eller bruk som er skilde ut frå ålmenninga. I sør grensar Dagsgardsøygarden mot snaufjellet og i nord mot storelva Otta. Les mer …
Johannes Kummeneje (1857-1937). Fotograf ukjent. Johannes Hansen Kummeneje (Kummeneie) (fødd 7. oktober 1857 i Skjåk, død 19. mai 1937 i Talvik) var lærar, lensmann og Venstre-politikar. Han representerte Finnmark på Stortinget 1919-1924.
Han var fødd på husmannsplassen Marlostrædet i Skjåk. Foreldra var Hans Olsen Ulen og Ågot Johannesdotter Marlostrædet. Foreldra var ugifte, som Kummeneje sjølv fortel i eit intervju med Gudbrandsdølen i 1919. Med hans ord var dei «begge ukjendte husmandsfolk av hjertelig simple kaar». Han vaks opp på ein annan husmannsplass, Kummestugu eller Kummeneie, i same grenda som Ulen og Marlostrædet. Les mer …
|